The Real Thing.
- Annonse -

Førstkomande fredag blir det ein ny konsert-happening i regi av Stord Jazzklubb, med det norsk-svenske bandet The Real Thing.

– Dette fantastiske souljazzbandet, med base i Oslo, har hatt stor suksess med sin utadvendte og svingande stil. Dette er ifølgje dei sjølve, bandet som aldri går av scenen i tørr smoking! Dei gjev med andre ord alt under konsertane sine, seier Wenche Eriksen i Stord Jazzklubb i ei melding.

Kvartetten debuterte for 26 år sidan, heilt tibake i 1992, med albumet The Real Thing, og har gitt ut sju album sidan då.

Musikken dei spelar er for det meste originalt materiale, og er ei blanding av amerikansk «Blue Note-jazz» og element frå moderne populærmusikk.

– Resultatet er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har, seier Eriksen.

Trass i at bandet har eksistert i mange år, låg det meir eller mindre i dvale mellom 2004 og 2010. Det skuldast at saksofonisten i bandet, Sigurd Køhn, var ein av 84 nordmenn som omkom i tsunamien i Thailand det året.

- Annonse -

Men i 2010 bestemte resten av gruppa seg for å starte opp att, med engelskmannen Dave Edge som ny saksofonist. Etter det har bandet reist land og strand rundt på turné.

Sist gong bandet vitja Stord var då det enno var liv i Stord Jazz og Bluesfestival.

– Då trakk bandet fullt hus på Arena, og me vonar lokalet blir stappfullt igjen på fredag. At dei har selt godt over 55.000 album, seier også sitt, seier Eriksen.