Foto: Midtfjellet vindpark
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Stord-Fitjar turlag kan i alle fall ikkje sitja stille og sjå på at endå meir av fjellnaturen på øya vår blir industrialisert.

Av: Birger Taranger,
leiar i Utval for natur og miljø,
Stord-Fitjar turlag

Det var verken med sjokk eller vantru me las om dei vidare planane til det tyske investeringsselskapet Aquila Capital, majoritetseigar i Midtfjellet vindmøllepark.

Me har frykta ei vidare utbygging av vindmølleparken, trass i alle forsikringar om at dette aldri kom til å bli aktuelt då diskusjonen gjekk i samband med den første utbygginga. Først kom fortettinga, og no utvidingsplanane.

Me trudde dei kanskje ville venta til NVE var ferdig med si kartlegging av mulege framtidige mølleparkområde i fastlands-Norge, ei kartlegging som Stord-Fitjar turlag har protestert mot saman med Bergen-Hordaland turlag og DNT, då ingen interesseorganisasjonar var inviterte til å delta.

Men, nei, kapitalen søv aldri, og ser sjølvsagt eit høve til auka forteneste når mykje av infrastrukturen ligg på plass allereie, og gjelda er sanert. Dessutan vil dei nye straumkablane til kontinentet, finansierte av norske forbrukarar, gjera det endå meir attraktivt for utanlandske interesser å kjøpa opp urørt norsk høgfjellsnatur og gjera den om til industriområde.

- Annonse -
- Annonse -

Området som er tenkt utbygt, er, som John Karsten Raunholm seier i bladet, indrefileten i Fitjar-fjellet, og har unike kvalitetar, både som naturområde og friluftsområde.

- Annonse -

Ein fjerdedel av fjellområdet på øya Stord er allereie vindmølleareal, med dei skadeverknader det har for flora og fauna, kanskje spesielt fugleartar, og sjølv om Fitjar-fjellet er blitt meir tilgjengeleg for folk flest, og fleire kjem seg ut på tur oppe i høgda, på grunn av alle grusvegane, må det vera eit paradoks for mange at dei eigentleg er på tur gjennom eit industriområde med tilhøyrande støy og menneskeskapte mastodont-konstruksjonar.

Når så det beste som er att, skal nedbyggjast, vert det vanskeleg for dei som drar til fjells for å oppleva natur, stille, ro og fred å finna dette på Fitjar-sida av øya.

Dei som er for ei slik utbygging, vil nok dra klima-kortet, men dersom å redda klimaet betyr å øydeleggja norsk natur, var det betre å satsa for fullt på havvind og effektivisering av eksisterande vasskraftverk. Det siste vil faktisk gje 10% auke i produsert energi, tilsvarande ca.14TWh. (Vindturbinane i Norge leverte i 2017 ca.4TWh.)

Korleis ein liten og fattig kommune som Fitjar vil stilla seg til dei nye planane, er ikkje godt å seia, men at planane vil møta sterk motstand, er det ingen tvil om. Stord-Fitjar turlag kan i alle fall ikkje sitja stille og sjå på at endå meir av fjellnaturen på øya vår blir industrialisert.

- Annonse -