Foto: Teneo Data
- Annonse -

IT-selskapet Teneo Data, som har avdelingskontor på Stord, blir del av Abacus IT og doblar dermed talet på tilsette.

Selskapet leverer IT-løysingar til små og mellomstore bedrifter, og har utanom Stord avdelingar i Drammen, Sandnes, Trondheim, Tønsberg og Verdal.

No blir dei ein del av Abacus IT frå Son utan for Oslo, og doblar dermed både omsetnad og tilsette. Oppkjøpet vil også gi selskapet eit breiare spekter av løysingar og tenester, i følgje ei pressemelding.

– Me har lenge hatt eit uttalt mål om å vere eit leiande konsulentselskap innanfor vår bransje. Vår visjon er å effektivisere bedrifter gjennom digitalisering og leveranse av skyløysinger, seier dagleg leiar i Abacus IT, Sven R. Nilsen.

- Annonse -

Gjennom oppkjøpet vil selskapet dekke store deler av Sør- og Midt-Norge.

Teneo Data på Stord held til i Djupamyro på Heiane.

- Annonse -
- Annonse -