Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Vart frakta til Haukeland universitetssjukehus etter skotulukke.

Av: Per Lønning

Politiet i Sør-Vest melder på Twitter måndag kveld klokka 21.10 at dei er på staden på Gilje i Bømlo kommune, etter at ein tenåring vart truffe av eit vådeskot på ein skytebane.

Victor Fenne-Jensen, opersasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, seier ulukka skjedde i samband med leirdueskyting. Politiet har hatt fleire vitne i avhøyr i tilknyting til hendinga.

– Eg forstod det som at det kan ha vore trening eller konkurranse i leirdueskyting. Me har avhøyrt leiaren for skytebanen og dei ti-elleve personane som var til stades, seier operasjonsleiaren til Stord24.

Fenne-Jensen seier det til no ikkje er mistanke om at noko kriminelt har funne stad, men at det kan sjå ut til at det er snakk om eit reint uhell. Politiet har enno ikkje snakka med guten som vart råka, noko dei vil gjere på eit seinare tidspunkt.

- Annonse -

– Det ser ut til at det har vore eit reint vådeskot. Tenåringen skaut seg i foten med ei hagle. Han vart frakta med ambulanse til idrettshallen på Bremnes og vidare med SeaKing-helikopter til Haukeland.

Politimannen har ikkje inntrykk av at tenåringen var kritisk skadd. Politiet var på staden rett før klokka åtte på kvelden og var ferdige der rundt kvart over ni, ifølge Fenne-Jensen.

– Det framstår som eit reint uhell. Så vonar me det går bra med guten, seier operasjonsleiaren.

Tenåringen skal ha vore ved medvit og stabil idet han vart frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

- Annonse -