Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Måndag morgon like etter klokka 09 fekk politiet melding om ein trafikkulukke mellom ein lastebil og ein personbil på E39 vest for Sundførvegen i Tysvær.

Føraren av personbilen var ein mann i slutten av tenåra. Han er stadfesta omkomen, melder Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

– Pårørande er varsla, melder politiet.

Det var ingen passasjerar i bilen til den omkomne sjåføren. Politiet opplyser at føraren av lastebilen er tekn med av ambulanse til Haugesund sjukehus for helseundersøking. Tilstanden hans er ikkje kjent.

Vegen vil vere stengt ein tid framover i påvente av undersøkingar på staden. Det er skilta omkøyring ved Haukås og Våg.

– Politiet har gjennomført fleire vitneavhøyr for å klarleggje hendingsforløpet. Kriminalteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Vegvesenet er no på staden, seier operasjonsleiar Jostein Reiestad i Sørvest politidistrikt.

- Annonse -

- Annonse -