Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Klokka 1 natt til tysdag blei ein ung førar stansa mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

Det var under ein rutinemessig kontroll ved Stord vidaregåande skule at føraren vart stansa.

– Det var ein vanleg kontroll der politiet stansa ein personbil. Føraren framsto som ruspåverka. Då snakkar me om andre stoff enn alkohol, fortel operasjonsleiar Olaug Bjørnsen ved Sørvest politidistrikt.

Føraren blei frakta til legevakta der han blei framstilt for blodprøve og andre naudsynte prøvar.

– Føraren var ein mann i tenåra som kjem frå Stord, fortel operasjonsleiaren.

Politiet vil no opprette sak mot tenåringen, på bakgrunn av mistanken om ruskøyring.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein passasjer var med i bilen. Vedkomande blei dimmintert på staden.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -