Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Skal ha kollidert i ein fortauskant i Kårevikvegen.

Like før klokka 20 måndag kveld fekk politiet melding om mopedulukka i Kårevikvegen ved Heiane.

– Det er ei jente i tenåra som moglegens har køyrd inn i ein fortauskant. Ho klaga over smerter i ein fot, men det var ikkje noko tydege teikn på brot i foten, seier operasjonsleiar Helen Rygg Ims i Sørvest politidistrikt.

Jenta blei teken med i ambulanse for sjekk på legevakta.

Det var ingen andre enn jenta som var involvert i ulukka.