Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Den unge mannen truga politiet i Leirvik sentrum.

Det var i 1.30-tida natt til søndag at politiet kom over ein tenåring i slutten av tenåra i Leirvik sentrum.

– Han kom med munnlege trugslar med politiet, og blei teken med til arresten og politimeldt, fortel vaktsjef Nina Fagerland i Sørvest politidistrikt.

Tenåringen vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

Det var elles ein roleg natt for politiet i distriktet. Ein full mann i 30-åra blei vist vekk frå Leirvik sentrum av politiet i 00.30-tida.

- Annonse -

I Bremnes sentrum måtte politiet rykke ut til ein utestad der ein gjest hadde slått til ein vakt.

- Annonse -
- Annonse -

– Mannen i 20-åra blei politimeldt, men fekk dra heim med sambuaren sin, seier Fagerland.