Arrangementskomiteen for Sing Sing 50 gjenspeglar godt aldersspennet blant dei som kallar seg Sing Singarar. Frå venstre: Runar Isdahl, John Oddvar Løkling, Dag Sele, Helge Haga, Lars Hetleseter, Hilde Susann Aadland, Aslaug Grov Almås
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vil ha hjelp til å invitere rundt 200 av koret sine tidlegare medlemmer.

Etter at Tensing-rørsla starta i Bergen i 1968 så tok det ikkje lang tid før koret Sing Sing vart starta på Stord i 1969.

Namnet er inspirert av at koret i mange år heldt til i det gamle fengselet på Leirvik.

Etter å ha lege nede eindel år frå midten av 90-talet, har koret igjen vakna til liv dei siste åra. No tel koret 15-20 medlemmer, fordelt på kor, band og lydteknikk, skriv koret i ei pressemelding.

I samband med at koret dette året har eksistert i 50 år, skipar dei no til jubileumsfeiring.

– Opp igjennom åra er det mange hundre ungdommar som har hatt Sing Sing som ein viktig del av sitt ungdomsmiljø og no dreg ein arrangementskomite i gang ei stor 50-årsfeiring i Kristi Himmelfartshelga i år, seier Dag Sele, som er leiar i jubileumskomiteen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Koret skriv at komiteen alt har arbeidd lenge med arrangementet, mellom anna med å skaffe så gode adresselister som mogeleg over tidlegare medlemmer.

– Dei sender no ut invitasjon til dei om lag 200 personane dei har klart å finna epost-adresse til. Dette er likevel berre rundt halvdelen av dei namna dei har spora opp på tidlegare medlemmer, seier Sele.

Dag Sele er ein av initiativtakarane til jubileumsfeiring og han ber no alle som nokon gong har vore med i Sing Sing og ikkje har fått invitasjon per mail om å ta kontakt med han eller ein av dei andre i komiteen.

– Dette trur me blir ei alle tiders feiring, der me reknar med å samla eit stort kor av Sing Singarar i alle aldrar til ein minnerik konsert, etterfølgd av ein fest med mykje god mimring, sier Sele.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -