Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss. Foto: Skyss
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Debatt: Det er fort gjort å gløyme den utrolege teknologiske utviklinga innan el-ferjer som har skjedd sidan anboda på nye ferjekontraktar vart lyst ut i 2016.

Av: Målfrid Vik Sønstabø,
Direktør i Skyss

Dette er eit svar på kritikken mot Skyss frå NCE Maritime CleanTech, om samanhengen mellom rutekutt og elektrifisering av ferjeflåten i Hordaland. 

Det er fort gjort å gløyme den utrolege teknologiske utviklinga innan el-ferjer som har skjedd sidan, og ikkje minst nettopp på grunn av, anbodsutlysingane i Hordaland.

Anboda på nye ferjekontraktar vart lyste ut tidleg i 2016, og rutetabellane måtte vere skisserte i god tid før dette. På dette tidspunktet hadde verdas første batteriferje Ampere vore i drift i berre eitt år. Det var stor usikkerheit hos alle aktørar om kva som var teknisk mogleg, spesielt på energikrevjande samband som Halhjem-Våge.

- Annonse -

Anbodsforhandlingane strekte seg over fleire månader, og frå forhandlingsmøte til forhandlingsmøte var vi vitne til ein imponerande modningsprosess både hos tilbydarane og truleg også hos leverandørane.

- Annonse -
- Annonse -

Auka liggjetid til 10 minutt har difor bakgrunn i kva som var teknisk mogleg på det tidspunktet då kontraktane vart utarbeidde. Det var ei tydeleg politisk føring frå fylkestinget om å leggje til rette for batteridrift. Leverandørane la dette til grunn for design av fartøy, batteribank og ladeinfrastruktur. Sidan 2015 / 2016 har det skjedd ei vesentleg teknologisk utvikling når det gjeld ladeeffektivitet – ikkje minst nettopp på grunn av alle byggjeoppdraga som Hordaland si store satsing har medført.

Vi er samde med Maritime CleanTech i at det i dag finst tekniske løysingar for høgare ladeeffekt som ville gjeve kortare liggjetid, men sjølv i dag er dette framleis teknisk krevjande, og ikkje minst kostnadsdrivande.

- Annonse -