Haugaland tingrett.
- Annonse -

Ein 35 år gammal litauar busett på Stord har vist så lite respekt for vegtrafikklova at retten meinte han måtte varetektsfengslast.

Den høgst uvanlege promillesaka gjekk for Haugaland tingrett denne veka. Bakgrunnen er at 35-åringen blei teken for fyllekøyring heile tre gonger i løpet av nokre månadar.

Mannen vart ved alle tre høvene teken med ei svært høg promille; 2,54, 2,58 og 2,68, skriv Haugesunds Avis.

Ifølgje Helsedirektoratet kan så høg promille medføre blackouts og tap av medvit.

Dømt tidlegare

Før mannen flytta til Stord rundt påsketider i år, hadde han blitt dømt for tilsvarande promillekøyring fire gonger før, blant anna i Danmark.

- Annonse -
- Annonse -

Politiet meinte at det ikkje var andre moglegheiter for å halde 35-åringen vekke frå trafikken enn å varetektsfengsle han.

- Annonse -

Forsvararen til litauaren meinte han heller burde dømmast til å gjennomføre eit program mot ruspåverka køyring, og at varetektsfengsling ville gjere at 35-åringen ville risikere å miste den faste jobben han har på Stord.

Totalt manglande respekt

Men retten var samd med politiet i saka. Retten skriv at mannen syner ei «totalt manglande respekt for vegtrafikklovgivninga», og at det er stor fare for at han vil køyre med promille igjen dersom han ikkje blir bura inne.

Dermed må mannen sone fire veker varetektsfengsling medan han ventar på hovudforhandlinga.

- Annonse -