Synnøve Handeland. Foto: Kvinnherad Venstre
- Annonse -

Synnøve Handeland frå Valen i Kvinnherad er blitt ny dagleg leiar i meklarkontoret i Leirvik.

Ho kjem frå Ål i Hallingdal, men kjærleiken lokka ho til Sunnhordland, der ho har budd i 25 år.

– Det er noko med å møte ein sunnhordlending. Dei vil gjerne tilbake. Men Valen er ein fin plass å bu, så eg var ikkje så vanskeleg å overtale.

Fleire viktige verv

Handeland har hatt ei rekkje viktige stillingar i Kvinnherad gjennom åra ho har budd der. Først jobba ho som eigedommeklar, og seinare vart ho banksjef i Sparebanken1 SR-Bank på Husnes, styreleiar i Husnes vekst og i Kvinnherad næringsservice og har tidlegare vore fylkesleiar i Hordaland venstre.

Den aktive firbarnsmora driv attpåtil eigen advokatverksemd, noko ho framleis vil halde fram med i mindre grad.

Då ho starta som fagansvarleg hos Aktiv Sunnhordland i Leirvik sentrum på nyåret var ikkje planen at ho skulle ta over som dagleg leiar.

- Annonse -

– Eigentleg skulle eg starte opp advokatverksemd på denne tida, men så blei eg spurt om å ha fagansvaret hos Aktiv Sunnhordland. Så dreg det eine med seg andre, seier Handeland.

Lyst å gjere andre ting

Ho fortel at det ikkje ligg noko spesielt bak det at Kjell Fylkesnes trekkjer seg som dagleg leiar.

– Han hadde strengt tatt lyst å pensjonere seg frå denne typen rolle. Så dette er ein prosess som me har gått gjennom. Kjell har lyst å gjere andre ting, og har nok mange kjekke prosjekt som han ønskjer å bruke meir tid på vidare.

Banksjef Dag Sandstå (t.v.) i Tysnes Sparebank og avgått dagleg leiar Kjell Fylkesnes i Aktiv Sunnhordland under opninga av lokala i Meierikvartalet tidlegare i år. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Førre veke vart det kjent at Aktiv Sunnhordland saman med Tysnes Sparebank startar eit nytt lokalkontor på Halsnøy. Handeland avviser at dette er for at ho skal ha kortare veg til jobb.

– Hovudkontoret vårt ligg på Leirvik, så det blir nok der eg er mest. Halsnøy-kontoret vil vere eit besøkskontor, og ein praktisk stad å ha der me kan gå inn og skrive litt.

– Aktiv Sunnhordland har teke ein god poisisjon i løpet av dei par åra de har eksistert. Korleis er ambisjonane vidare?

– Eg tenkjer at me framleis har vekstambisjonar. Men me skal vekse i eit passeleg tempo. For det er noko med å kunne serve kundane skikkeleg, og kunna gi dei gode tenester. Me er framleis ein liten aktør, og me kjem til å vekse forsiktig.

– Vil hovudfokuset framleis vere på nybygg?

– I dag trur eg me har halvt om halvt nybygg og prosjekt. Men det kjem stadige endringar i regelverket i denne bransjen, og me ønskjer å halde oss godt oppdatert på det som skjer i marknaden.



- Annonse -