Litlabø mottak. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Tidlegare i juli løyste UDI ut tilleggsopsjon med 30 nye asylplassar på Stord mottak. No er det klart at plassane skal vera på det nedlagde asylmottaket på Litlabø.

UDI skreiv i ein mail til Stord kommune at plassane skulle stå klar til 20.august. Då Stord24 ringde mottaksleiar, Glenn Kringlebotten, for å høyre korleis dei låg an, fortalde han at bygget no var i boks.

– No har eg fått det skriftleg så no er det klart. Plassane blir på det nedlagde mottaket på Litlabø.

Klart for innflytting

Det er berre nokre månader sidan mottaket på Litlabø stengde dørene. Kringlebotten fortel at sidan bygget tidlegare har vore brukt til asylmottak, er det mindre som må gjerast klart før innflytting.

Mottaksleiar Glenn Kringlebotten. Foto: Privat

– Det har jo vore drive som mottak, så det er eigentleg klart der. Sidan det ikkje er så lenge sida det blei lagd ned er det rydda og klart for innflytting.

Sjølv om bygget i stord grad er klart for å huse 30 stykker, veit dei ikkje noko om kor mange som kjem.

- Annonse -

– Dette er jo berre ei løysing for UDI dersom det plutseleg skulle komme fleire flyktningar. Om det vert tatt i bruk, og i kor stor skala det vert tatt i bruk, veit me jo ikkje, seier Kringlebotten.

Kan kome familiar

I mailen Stord kommune fekk tidligare i juli, skriv UDI at dei løyser ut tilleggsopsjon blant anna i Stord mottak fordi ankomsten asylsøkerar har auka i juni og juli.

Vidare skriv dei at dei fleste asylsøkerane kjem frå Tyrkia, og at det blant dei er mange familiar med barn.

– Me veit ikkje sikkert kven som kjem. Men ut frå dei som har kome til no antydar UDI at det er små famliar eller mødre med barn, seier Kringlebotten.

 

- Annonse -