Klima og miljø, samferdsel, skulepolitikk og betre seksualundervisning er nokre av områda som ungdomskandidatane vil kjempe for. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Henrik Hatlevik (18), Marita Vassnes (26) og Anna Sofie Ekeland Valvatne (21) meiner politikarane på Stord må bli flinkare til å vedta ungdomsvennleg politikk. 

9. september skal det veljast representantar til 356 kommune- og bystyre over heile landet. Totalt stiller 54.254 personar til val, og 6684 av disse er unge under 30 år, viser tal frå SSB. Aldri før har så mange unge stilt til val i Noreg.

På Stord er det totalt 27 ungdomskandidatar på vallistene i år. Dette er meir enn det var ved førre valperiode. Likevel kunne det gjerne vore fleire, meiner ungdomskandidatane.

Politikk som gagnar ungdom

Anna Sofie Ekeland Valvatne har vore aktiv i politikken i 10 år, og var også blant pådrivarane bak Storapride i fjor. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg/Vindblikk

– Forgubbing er eit stort problem i norsk politikk. Det er ikkje noko gale med gamle menn i seg sjølv, men dei klarar gjerne ikkje å sjå ting frå ungdommen sitt perspektiv. Dei ser ting frå perspektivet til ein gamal mann, seier Ekeland Valvatne.

Trass sin unge alder har SV-politikaren vore aktiv i politikken i 10 år, og melde seg inn i partiet grunna eit brennande engasjement for skulepolitikk og klimaendringar.

Til hausten stiller ho til val som 2. kandidat for SV, og vonar no at fleire ungdommar blir stemt inn i styret – uavhengig av parti.

- Annonse -

– Ungdom er nøydde til å bruke stemmeretten sin, nettopp fordi det er viktig å vedta politikk som gagnar ungdom. Me har noko heilt eige å bidra med, seier ho.

Kvinnherad kjem dårlegast ut

Blant tala på ungdomskandidatar i Sunnhordland, er det Tysnes som kjem best ut av kommunane, med ein ungdomsandel på 20,45 prosent. Nedst på lista finn ein Kvinnherad, der unge under 30 år berre utgjer 7.98 prosent av valkandidatane.

Marita Vassnes, som er 2. kandidat for Stord Arbeidarparti, meiner også det er på tide med ei utskifting i kommunestyret.

– Eg trur det er større sannsynlegheit for at folk finn ein representant som dei kjenner seg igjen i, dersom det er litt større breidde blant politikarane, slår ho fast.

– Når ein har sitte 30 år i kommunestyret, er det fort gjort å falle inn i dei same mønstra. Ein tenkjer gjerne på kva ein har gjort tidlegare i staden for å tenkje nytt.

Stemmer for ny Nysæter

Det har vore mange debattar kring planlegginga av nye Nysæter ungdomsskule.

Vassnes er utdanna lærar, og blei engasjert i politikken under flyktningkrisa i 2015. Samtidig hadde ho praksis som lærar på Nysæter ungdomsskule, og «tente på alle pluggar» då ho såg kor dårleg skulen var i stand.

– Kven som helst kan bli engasjert av å diskutere Nysæter, opplyser ho.

Opposisjonskollega, Henrik Hatlevik (H), stiller seg bak kommentaren til Ap-kandidaten, og meiner Stord kommune har fleire utfordringar når det kjem til ungdomspolitikk.

– Det er viktig å få på plass Nysæter ungdomsskule og at elevane får eit godt tilbod. Samtidig er det viktig å oppretthalde MOT, Utekontakten og SLT-koordinator i kommunen, slik at ungdommen har eit nettverk som kan ta i mot dei viss dei fell utanfor, seier han.

Fleire ungdommar engasjerer seg

– Tenker du at fleire ungdommar vil nytte seg av stemmeretten, dersom det er fleire ungdomskandidatar?

– Eg trur at ungdommane blir meir og meir engasjert, både på lokalpolitisk nivå og i resten av verda. Eit godt døme er dei siste klimademonstrasjonane, seier Hatlevik, og viser til den store skulestreiken framføre Stortinget i Oslo i mars.

Over 36.000 elevar deltok i skulestreiken for klima, og fleire hundre i alderen 14-35 år sov ute i overnattingsdemonstrasjonen «Sov som Erna – stå opp for klima».

– Ungdom ønsker å ta ansvar. Dei opplever det som meiningsfullt og ser at det gir resultat. Då blir det enno enklare å få folk til å engasjere seg.

- Annonse -