Foto: Google maps
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein sjåfør av ein taxi minibuss frå Stord må betale ein bot på 6800 kroner til statskasa.

Det var i fjor sommar at taxisjåføren køyrde inn i rundkøyringa i Osen i Leirvik sentrum, utan å overhalde vikeplikta.

Det førte til at ein politibil som kom køyrande i rundkøyringa måtte stanse brått for å unngå samanstøyt med taxien.

Taxisjåføren må dermed betale ei bot på 6800 kroner.

- Annonse -

Han får også tre prikkar i førarkortet. Ved åtte prikkar i førarkortet mistar ein retten til å køyre motorvogn i seks månadar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -