Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Politiet blei i natt tipsa om ein motorsykkel i Sagvåg utan gyldige skilt.

Det var klokka kvart på tre natt til søndag at politiet fekk tips om nokon som hadde observert ein motorsykkel ståande i Sagvåg sentrum med falske skilt.

– Me kom til staden og fann ut at nokon hadde festa mopedskilt på motorsykkelen. Sykkelen vart då taua inn til lensmannskontoret, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sør-Vest politidistrikt.

Det var ingen personar ved motorsykkelen då den blei taua inn. Operasjonsleiaren veit ikkje om eigaren av motorsykkelen har blitt varsla.

- Annonse -

– Me lagde ei sak på dette i natt, og vil følgje det opp på lensmannskontoret. Det blir sannsynlegvis på måndag.