Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein mann i 60-åra blir politimeldt for nærmast å ha pressa ein mopedist ut av vegen.

Det var måndag føremiddag at mannen føretok ein farleg forbikøyring på E39 ved Heiane.

– Han føretok ein forbikøyring av ein moped som nærast blei pressa av vegen, opplyser Sørvest politidistrikt.

Politiet var tilfeldigvis på staden og blei vitne til forbikøyringa.

Sjåføren i 60-åra vil bli politimeldt for brot på vegtrafikklova.

- Annonse -