Etter 22 år på reis kjem skodespelar Siren Jørgensen i januar heim for å spela teater for storabuen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me er blitt trefte på ein heilt spesiell måte i møte med Agnes Ravatn sine tekster. Dei kjennest veldig relevante og har vore magiske å jobbe med, fortel ei entusiastisk Siren Jørgensen.

Av: Heidi Eikremsvik, Stord24

«Verda er ein skandale» med Haugesund Teater har premiere på Stord kulturhus 25. januar.

Skodespelaren Siren Jørgensen frå Stord hadde sin filmdebut med hovudrolla i «Hevn» i 2015, og hadde då ei fartstid på 10 år bak seg som fast tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen. No er ho klar for å spele ei av dei tre hovudrollene i ein teaterpremiere på øya der ho vaks opp og flytta frå for snart 23 år sidan.

– Eg er sterkt knytt til Stord og har nær familie som eg vitjar i feriane mine.  Ho gler seg til å stå på scenen i kulturhuset, og lovar at dei som kjem og ser, vil bli overraska.

– Agnes Ravatn skriv utruleg fine og morsomme historier, og med ironi. Saman med regissøren har me prøvd å grave i teksten for å finne ut kva som ligg under spørsmål som: Er det mogleg å vere like planta i ein by som på landet? Blir ein gløymt som forfattar om ein flyttar ut frå byen? Er verda ein skandale?

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

— Tema me har teke eit ekstra tak i er mellom anna venskap og det å høyre til ein stad, fortel Jørgensen.

Spesielt for stykket er at ein av skodespelarane, Sandra Kolstad, også har komponert spennande moderne musikk som fungerer særs godt ilag med det visuelle og dramaturgien — styrt med stø hand av regissør og dramatikar Toril Solvang.

Siren Jørgensen har vore tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen sidan 2005, men har no sagt opp si faste stilling der og har kasta seg ut i frilanstilværet. Dermed flytta ho frå Bergen til Oslo. Ane Skumsvoll og Sandra Kolstad, skodespelar, komponist og musikar.

I vårt distrikt vil «Verda er ein skandale» bli vist i Etne kultursenter 6. februar, Bømlo kulturhus 7. februar og Husnes kulturhus 10. februar. Stykket går også i Festiviteten i Haugesund og Tysværtunet i Aksdal.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -