Tankbilvelten skjedde like ved krysset til Dåfjorden.
- Annonse -

Klokka halv ni måndag kveld opna vegen til Fitjar etter fire timar stenging.

Fylkesveg 545 mellom Fitjar og Sagvåg var stengt i fire timar etter at ein tankbil velta like sør for krysset til Dåfjorden i 15-tida måndag ettermiddagen. Tankbilen var lasta med 10.000 liter diesel, opplyser brannvesenet i Sunnhordland.

– Me er ferdige med arbeidet på staden, og vegen opna i halv ni-tida, seier operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik ved Sørvest politidistrikt til Stord24.

– Veit de noko om årsaka til ulukka?

– Ikkje anna enn at tankbilen kom utanfor asfaltkanten, seier Østebøvik.

Sjølv om det høyrtes dramatisk ut så var det aldri fare for brannfare, sa brannvesenet tidlegare på kvelden.

- Annonse -

– Det er ingen brannfare på staden. Førebels har lekkasjen vore minimal og brannvesenet har kontroll på lekkasje og sikring, sa vaktoperatør Torgrim Jørgensen til BT.

Tankbilen sperra vegen som følgje av velten. Det var ikkje meld om personskade.

110-sentralen meldte at Haugesund brannvesen bisto Stord brannvesen med «farleg gods»-bil. Det var grunnen til at det tok så lang tid før vegen opna igjen.

- Annonse -