Foto: Stord brann og redning
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sjøføren klarte å sløkke brannen med pulverapparat. – Han gjorde ein kjempeinnsats, seier brannvesenet.

Laurdag morgon klokka 9.45 fekk naudetatane melding om brann i ein tankbil på E39, like nord for Jektevik på Stord. Sjåføren klarte sjølv å sløkke brannen, og kan dermed ha avverga ein eksplosjon.

Sjåføren av tankbilen blei først gjort merksam på brannen av ein bilist som køyrde bak

– Han blei varsla om at det røyk godt under tanken på tankbilen. Han fekk køyrt bilen ut i sida av vegen, og då var det blitt opne flammar, fortel Jan Tore Brückner ved Stord brann og redning.

Sjåføren klarte då på eige initiativ å avverge at brannen utvikla seg.

– Han fekk sløkt med pulverapparat, og avverga brannen. Då me kom til staden gjaldt det berre å kjøle ned tankbilen ekstra, for det var framleis godt og varmt i tankvognen.

- Annonse -

– Kor dramatisk kunne dette ha blitt?

– Det er klart at når det er brann i ein tankbil så er det verste scenarioet eksplosjon. Denne tankbilen var lasta med lite bensin, og då er faren større fordi det er meir gass enn væske i tanken. Det hadde nok blitt sett i gang evakuering om det framleis hadde vore flammar då me kom til staden.

Foto: Stord brann og redning

Brückner rosar tankbilsjåføren for å ha vore snarrådig.

– Han fekk gjort avverga ein større hending, og har gjort ein kjempeinnsats.

– Kva trur de er årsaka til brannen?

– Det er nok noko varmgang som har skjedd, men kvifor det har skjedd skal eg ikkje uttale meg om.

Trafikken på E39 gjekk som normalt kort tid etter brannen. Ein patrulje frå politiet er på staden for å etterforske kva som har skjedd.

- Annonse -