REPLIKK: I ei sak i Stord24 den 24. november trekk redaktør Jonas Sætre i tvil Atheno si rolleforståing knytt til ein podkast. Han meiner me og Sunnhordlandpodden villeiar lyttarane med reklame slik me tolkar det. Me opplever saka som upresis og unyansert.
Av: Astrid Kjellevold,
dagleg leiar i Atheno
I 2020 inngjekk Atheno eit samarbeid med Sunnhordlandpodden om å få laga nokre podkastepisodar. Målet var å løfte fram personar i regionalt næringsliv, og la folk få bli litt betre kjend med desse flotte representantane for ulike bedrifter.
Me har hatt podkastar med gründerar, og me har hatt podkastar med næringslivsleiarar i etablerte bedrifter. Dei som leitar etter ein skjult reklameagenda for til dømes Aker Solutions i podkastintervjuet med direktør Jarle Henriksrud skal leite godt.
Det same gjeld dei andre podkastane våre. Det handlar om framsnakk, og det å la folk bli betre kjende med folk som arbeider ekstra hardt for å få noko til lokalt. Anten det er Aker-direktøren eller Vaagavatn-gründerane.
Om redaktør Jonas Sætre meiner dette fell naturleg inn under sponsing/reklame som til dømes influensarar driv med, så får me ta sjølvkritikk på det. Det har i alle fall ikkje vore vår hensikt! I desse podkastane er det personane me har fokus på. Men dei må sjølvsagt få snakke om det dei arbeider med. Og me har vel aldri lagt skjul på at me betalar for å få laga desse podkastane. Det kjem fram i starten på kvar spesialepisode at dei er laga av Sunnhordlandpodden for Atheno.
I kommentaren til redaktøren meiner me han tek feil i si framstilling av Atheno si rolleforståing. Det står: «Det er kanskje endå større grunn å stilla spørsmål ved Atheno si rolleforståing, som ein profesjonell og delvis offentleg eigd aktør. Når Atheno då omtalar Sunnhordlandpodden som «sin eigen podkast», så framstår det noko spesielt».
Atheno har ikkje omtala Sunnhordlandpodden som sin eigen podkast. Me har derimot skrive at me har vår eigen podkastserie og den er produsert av Kjetil Fyllingen i Sunnhordlandpodden. Det kjem og fram i denne podkasten at det er ein spesialepisode laga for Atheno.
Det er vanskeleg å sjå korleis dette kan feiltolkast. Men me vil i framtidige episodar få tydeleggjort enno betre at podkastane er produsert i kommersielt samarbeid med oss.
Atheno ser det som særs viktig at ein saman løftar fram gode folk som ynskjer å gjere ein skilnad i lokalt næringsliv. Det treng me. Så får me heller nytta litt ulike verkemiddel undervegs!