Jan Kåre Pedersen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dersom administrasjonen står på kravet om reguleringsplan, blir konsekvensen at Sagvåg fell ut som alternativ, seier Jan Kåre Pedersen.

I førre veke vart det klart at Stord kommune konkluderte med at det var store manglar i rammesøknaden som Sunnhordland Naturgass (SNG) har sendt for etablering av biogassanlegg i Grunnavågen.

Kommunen meinte manglane var så store at dei kjem til å krevje reguleringsplan, noko som vil medføre kraftig forsinking av anlegget.

Dagleg leiar Jan Kåre Pedersen gjer det i dag klart overfor Stord24 at dei vil droppe planane om biogassanlegg i Sagvåg dersom kommunen held fast på kravet om reguleringsendring.

– Har ikkje meir tid

– Kravet om reguleringsplan vil medføre at prosjektet blir utsett frå 12 til 24 månadar. Og då seier det seg sjølv at det ikkje er aktuelt for oss. Me har ikkje meir tid igjen. Dersom administrasjonen står på dette, blir konsekvensen at Sagvåg fell ut som alternativ, seier Pedersen.

– Kva blir då plan B?

- Annonse -

– Den har me heilt klart føre oss, og det kjem me tilbake til på ein presskonferanse i morgon.

– Vil det bli utanfor Stord kommune?

– Eg har ikkje noko kommentar til kva kommune dette er snakk om. Men me kan vel seie så mykje at me har éin plass som peikar seg ut som alternativ.

Slik ville innseglinga til Sagvåg ha blitt med det nye biogassanlegget. Skisse: Sunnhordland Naturgass

Vart sjokkert over konklusjonen til kommunen

Pedersen, går hardt ut mot tilbakemeldinga til kommunen, som konkluderte med at ein rammesøknad ikkje var nok.

– Me er voldomt ueinig i rapporten frå kommunen og meiner den er heilt feil. Me er sjokkerte over konklusjonane i brevet.

Måndag sendte SNG eit brev der dei imøtegår manglane kommunen peiker på punkt for punkt. Dei var også i møte med byggesaksavdelinga måndag ettermiddag.

Pedersen opplyser at dei allereie tysdag vil bestemme seg for om å gå vidare med planane i Grunnavågen. Klokka 14 tysdag har selskapet kalt inn til ei pressekonferanse der dei vil orientere om vegen vidare.

– Det var jo difor me flytta frå Seglneset, for at dette skulle vere enklare ute i Grunnavågen. Kva me kjem til å gjere no kjem me til å diskutere på styremøte i kveld.

– Nok er nok

Pedersen er tydeleg på at den massive motstanden i lokalbefolkinga slit på tålmodet.

– Uavhengig av dette har me fått ein forståelse om at nok er nok. Me har blitt skulda for å vere kjeltringar og blitt skjelt ut for det mest utrulege på sosiale media. Me har blitt trakkaserte for å prøve å skape arbeidsplassar på Stord. Me blir heile vegen mistenkeleggjort for det me driv på med, seier ein oppgjeven Pedersen.

Han reagerer på at kommunen i brevet ikkje anbefalar å søke dispensasjon, og dei skriv på heimesidene sine at folkemøtet om biogassanlegget er utsett fram til SNG bestem seg for kva dei vil gjere.

– Me har tiltru til politikarane som har trudd på det som har blitt sagt, og som har halde seg profesjonelt til det. Me trudde administrasjonen ville vere mykje meir profesjonelle. Er dei i tvil burde dei søkt ekspertise.

– Meiner du administrasjonen har gitt etter for press frå mostanden i Sagvåg?

– Det kan eg ikkje svare på. Men me ser jo at nokre av ordlydane kjem rett frå protestane på Facebook og i lesarbreva. Så det får administrasjonen svare for, seier Pedersen.

– Kommunen kan alltid finne ein paragraf som du kan vri på. Så er spørsmålet kva er å vere venlegsinna i forhold til industri, eller må me gjere som Unitech og følgje etter han til Bømlo?

Pedersen viser til saka frå nokre år sidan, då Unitech forsøkte å gå i dialog med Stord kommune om å etablere forskingssenter på Eldøyane. Det enda med at dei verksemda for etablering på Rubbestadneset.

Stemninga mellom Sunnhordland Naturgass og leiinga i Stord kommune var svært god då avtala om tomta i Grunnavågen vart inngått i mai. No kan prosjektet falle i sanden. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Flisespikkeri

I brevet som SNG i dag har sendt til kommuneadministrasjonen har dei svart punktvis på alle manglane kommunen har peika på. Nesten alle dei 14 punkta vert tilbakevist av Pedersen, som kallar manglane for flisespikkeri.

– Til dømes viser kommunen til manglande nabovarsel, og at søknaden ikkje viser kva dokument som er sendt med nabovarselet. Dette er ei fillesak. Kommunen veit at dette er med, men då me byggemelde saka la me ikkje ved vedlegget på dette. Dette er eit døme på flisespikkeri.

Når det gjeld manglande risikovurdering for gass og eksplosjon meiner Pedersen at dette dokumentet ikkje var aktuelt i nabovarslinga basert på det tekniske språket i rapporten.

Pedersen viser til eit anna døme på det han meiner er bagatellmessige manglar, som når kommunen skriv at det er ikkje er søkt om mellombels dispensasjon frå krav om reguleringsendring.

– Me kan ikkje sjå at det er naudsynt, då Stord kommune sjølv har starta arbeidet med omregulering av gjeldande plan.

– Heilt urimeleg

Vidare viser Pedersen til at kommunen skriv i brevet at dei krev grunnundersøkingar som del av søknaden. Dette seier han vil koste ein halv million kroner for SNG, og dermed utgjere ein stor risiko for selskapet dersom tiltaket ikkje kan bli realisert.

– Dette er heilt på hovudet. Korleis er dette næringsvenleg? Det er heilt urimeleg at dette skal ligge føre i ein rammesøknad. Kommunen kan sikre at dette vert utført ved å setje det som eit vilkår i rammeløyvet.

– Er det ingen av manglane de tek sjølvkritikk på?

– Me burde laga ein innhaldsforteikning. Det kunne me ha gjort. Det ville ha gjort det lettare for kommunen å finne fram til alle dokumenta. Me kunne også ha sendt ut risikovurderinga for gass- og eksplosjonsfare med nabovarslinga. Men grunnen til at me ikkje gjorde det er jo fordi språket er kjempekomplisert, og me fekk råd om ikkje gjere det.

Lang prosess

Det er godt over eitt år sidan at Pedersen først gjekk ut med planane om å bygge biogassanlegg på Stord, etter at dei tok over SKL si naturgassatsing. Først var planane å bygge anlegget tett på bustadar i Seglneset i Sagvåg, før Grunnavågen kom opp som alternativ med god hjelp frå kommunen.

Pedersen er no redd for at Stord kan miste mange titals arbeidsplassar.

– Det er totalt snakk om ein pakke på 50-60 arbeidsplassar her. Personleg trur eg det blir meir enn det. Det som ungdommen er opptekne av i dag er jo miljø, nysatsing og nyutvikling. Politikarane har sett dette, men det ser altså ut som at det ikkje er mogleg å få til på Stord.

– Var du førebudd på at det kunne bli så stor mostand mot anlegget i Sagvåg?

– Nei. Eg var ikkje førebudd på det, og det som har skremt meg mest er at det er lov å påstå ting utan at ein blir arrestert for det. Det kjem fram usanningar heile tida. Det vert skapt så mykje frykt.

– Kan du forstå at folk fryktar biogassanlegget når ein høyrer om luktutslepp frå andre anlegg?

– Det kan eg forstå, men poenget er jo at luftutsleppa ein høyrer om er frå 15-20 år gamle anlegg. På Stord har ein bygd eit nytt kloakkreinseanlegg på Skjersholmane. Ein kan gå i dress der ute og det er luktfritt. Det er visst heilt uinteressant i denne saka.

– Komplett umogleg med store luktutslepp

Pedersen meiner det ville ha vore mekanismar på plass som hadde gjort at anlegget ville måtta stenge ved eventuelle luktutslepp.

– Viss det skjer ei ulukke og det kjem luktutslepp så er det regulert i avtala. Har me sju utslepp i månaden, om dei berre er på 10 sekundar, så vil fylkesmannen kome inn med tiltak mot oss. Det er regulert så sterkt at det går ikkje an å bygge eit anlegg som forpestar heile Sagvåg. Det er komplett umogleg.

– Det er jo reglar mot dette i Norge. Men viss me ikkje stolar på dei som forvaltar reglane, kven skal ein då tru på? Det som skremmer meg er at me ikkje klarar å få ut informasjonen om at dette er framtida og snakk om grøne arbeidsplassar.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad, foto: Jonas Sætre/Stord24

Vil vurdere saka på nytt

Kommunalsjef i Lovise Vestbøstad stadfestar at dei måndag ettermiddag har hatt møte med Sunnhordland Naturgass.

– Me inviterte dei til å ha ein samtale om punkta i tilbakemeldinga frå oss. Det har me gjort, og me dei har gått gjennom punkt for punkt. Me har ikkje teke noko ny konklusjon, men me vil gå gjennom saka og vurdere saka utifrå tilbakemeldingane me har fått.

– Betyr dette at kravet om reguleringsendring ikkje er endeleg?

– Her har me ikkje bestemt noko som hest. Me må uansett gå gjennom og vurdere det dei kjem med. Me kan heller ikkje forby nokon å søke byggesak med dispensasjon. Om dei vel å gjere det må me uansett handsame søkanaden.

Vestbøstad fortel likevel at kravet om grunnundersøkingar, som i følgje Pedersen ville kosta SNG ein halv million kroner, er noko dei vil vurdere på nytt.

– I svaret som gjekk utifrå oss om krav om grunnundersøkingar vert det henvist til lov og forskrift. Men me har sagt at dette er eit punkt som me vil vurdere.

Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Stord kommune

– Me har strekt oss langt

Ordførar Gaute Epland (Ap) meiner kommunen har strekt seg så langt dei kan for å støtte SNG biogass-satsinga.

– Eg synest me som kommune har strekt oss langt i denne saka. Det har me gjort fordi me meiner det er viktig å legge til rette for ei framtidsretta næringsetablering og ei spennande miljøsatsing. Men så er det sånn at me kan ikkje fire på krava når det gjeld regulering og plan, seier Epland.

– Pedersen meiner mesteparten av manglane er bagatellmessige og meiner difor kommunen framstår som lite næringsvennleg?

– No viser det seg at søknaden frå SNG er mangelfull, og i lys av nye opplysningar tilrår administrasjonen ein fullstendig reguleringsplanprosess. Eg synest det er litt merkeleg om SNG på det grunnlaget kritiserer kommunen for ikkje å vere næringsvennleg.

- Annonse -