Fødeavdelinga på Stord. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Fødeavdelinga ved Stord sjukehus går mot sitt beste fødselsår sidan 2011.

– Det er nesten så eg vil utfordre folk til å legge seg saman og gjere noko, sa klinikkdirektøren ved Kvinneklinikken i Bergen etter at fødselstala ligg an med å stupe dramatisk med 400 fødslar i 2017. Det er ti prosent færre enn året før.

Også ved Haugesund sjukehus går fødselstala ned. Der er det venta 1400 fødslar i år, som er det lågaste talet på over ti år. Talet på fødslar har gått jamt ned dei siste åra etter ein topp på rundt 1600 fødslar.

Men på Stord er situasjonen ein heilt annan. Helse Fonna estimerar at det vil vere 499 fødslar på Stord sjukehus i 2017. Det vil vere det beste fødeåret sidan 2011, og ei auke på nær 40 fødslar frå i fjor.

Gode fødetal

Seksjonsleiar ved fødeavdelinga på Stord, Isabel Solvang Tofte. Foto: Helse Fonna

– Me har hatt eit ganske godt år. Det betyr at kvinnene i vårt området framleis har gode fødetal, og at me har hatt den same tilstrøyminga frå kommunar som Austevoll, Tysnes og Sveio. Me ser ikkje den bekymringsfulle nedgangen som i Bergen og Haugesund, seier seksjonsleiar for fødeavdelinga ved Stord sjukehus, Isabel Solvang Tofte.

- Annonse -

Ho tør ikkje seie kvifor utviklinga er så forskjellig mellom Stord sjukehus og sjukehusa i dei større byane.

– Det har jo vore spørsmål om dette kan ha noko med at fleire prioriterer studier og karriere i dei større byane, men så har ein sett at ein ikkje kategorisk kan hevde at det er fleire fødslar på mindre stadar.

Vel mindre sjukehus

Stord sjukehus har tidlegare blitt rangert som det beste sjukehuset å føde på i Norge. Tofte ser ikkje bort i frå at dette er noko av forklaringa på dei gode fødselstala.

– Det kan ha samanheng med at stadig fleire vel å ta turen til mindre sjukehus, som Voss og Stord. For nokre år sidan var det veldig få frå Austevoll som kom til Stord. Men no har dette snudd. Dette har kanskje samanheng med at jordmødrer i større grad anbefalar Stord.

Tofte fortel at det snart kjem ein ny undersøking av fødeavdelingane i landet, og at ho er spent på om Stord sjukehus framleis vil hamne i landstoppen. Ho er ikkje tvil om at dei små forholda ved fødeavdelinga på Stord er positivt for familiane.

– Det som er bra på ein liten fødeavdeling som vår er jo den kontinuiteten familiane får ved at dei får sjå dei same tilsette igjen dag etter dag og at det er god sjanse for å få eige familierom.

Positivt for økonomien

Fødeavdelingane får tildelt midlar på basis av aktiviteten som har vore tidlegare, og difor er dei positive fødselstala på Stord også positivt for økonomien ved fødeavdelinga.

I Bergen og i Haugesund må fødeavdelingane derimot klare seg med mindre midlar. Kvinneklinikken i Bergen må klare seg med 13,5 millionar mindre i inntekter som eit resultat av den dramatiske nedgangen i fødslar.

- Annonse -