Dåfjordingane takkar for at Selevik skule blei berga, f.v. Reidun Sørensen, Jan Oddvard Mongstad, Rune Helland, Linn Solveig Sørvik og Solveig Valvatne Hjøllo. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

LESARBREV: Dåfjord Næringsforum rettar ein varm takk til Fitjar-politikarane etter at det blei klart i ettermiddag at grendaskulane i Øvrebygda og Selevik ikkje blir nedlagde.

Av: Jan Oddvard Mongstad, Dåfjord Næringsforum

Takk til Fitjar-politikarane for at me fekk behalda grendaskulane.

Dessverre måtte nokon «stikka ein liten kjepp i hjulet» på målstreken ☹.

Ei spesiell takk til dei politikarane som har stått fram med støtte til grendaskulane, og brukt mykje tid og krefter på å snu kvar stein for å finna løysingar.

Takk for at de har stått på trass stor motstand. Takk for at de ser kor viktig grendene er for Fitjar kommune, og at det er grendaskulane som er «hjarta» som i stor grad gir liv og tilflytting til grendene / Fitjar kommune.

- Annonse -

Takk òg til alle som har vist stort engasjement i Dåfjorden, Øvrebygda og Rimbareid. Dette har teke mykje av tida som normalt skulle vore brukt til juleførebuingar. No kan me alle ta «tak i jula» att og gle oss til ei fredfull jul og julefestar på grendaskulane med ro i sinnet .

Lærarane kan igjen få tankane over på det dei kan og vil, elevane våre, framtida vår!

Det er vel sjelden denne julesongen har passa betre på Fitjar enn i år: «Det lyser i «Fitjar-grender» av tindrande ljos i kveld …»

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR TIL ALLE SAMBYGDINGAR I FITJAR!

- Annonse -