Marita Vassnes i Stord Ap meiner Framstegspartiet prøvar å slå politisk mynt på kostnadsauken på Nysæter ungdomsskule.
- Annonse -

REPLIKK: Sigbjørn Framnes forsøker å undergrave argumenta mine og unsynleggjere meiningane mine med å kalle det desperasjon frå partiet si side, samt pålegger meg meiningar som eg ikkje står for.

Av: Marita Vassnes,
2. kandidat, Stord Ap

Dette er ein replikk på innlegget til Sigbjørn Framnes, som svarte på innlegget til Marita Vassnes om Nysæter ungdomsskule.

Eg set pris på innlegget til FrP sin gruppeleiar! For det første er eg beæra for at ein erfaren politikar som Framnes ser på innlegget mitt som provoserande nok til å måtte svare på det. For det andre har eg lært mykje nytt om hersketeknikkar, som absolutt er nyttig å kunne identifisere dersom ein blir utsett for det. Etter å lest gjennom innlegget hans måtte eg nemlig Google det.

Eg har lært at det er fem hersketeknikker som er vanleg å bruke, særleg mot kvinner. Desse fem kan identifiserast som (1) usynleggjering, (2) latterleggjering, (3) tilbakehald av informasjon, (4) fordømming uansett kva du gjer, og (5) påføring av skuld og skam. Eg må innrømme at eg ikkje ser korleis eg har utnytta nokon av desse punkta i innlegget mitt.

Sigbjørn, derimot, skriv innlegget direkte mot meg, og argumenterer mot mine personlege eigenskapar som politikar. I innlegget forsøker han å undergrave argumenta mine og unsynleggjere meiningane mine med å kalle det desperasjon frå partiet si side, samt pålegger meg meiningar som eg ikkje står for.

- Annonse -

Vidare forsøker han å framstille meg som inkompetent med å fortelle kva eg «ikkje forstår», «trur» og «meiner». Å skrive at eg og Stord AP ikkje unnar elevane og lærarar ein betre skule strider mot alt me har vedtatt. Her forsøker han å påføre oss skuld og skam for at prosessen ikkje går like fort og feilfritt som ein ynskjer.

Framgongsmåten i lesarbrevet hans dekkjer punkta om usynleggjering, latterleggjering, og påføring av skuld og skam.

I lesarbrevet mitt forsøker eg å leggje fram viktigheita av Nysæter Ungdomsskule, og at dei vedtaksforslaga FrP har lagt fram på ingen måte visar at ny skule hastar. Forslaga deira har betydelege økonomiske konsekvensar (td. Avbryte kontrakt med arkitektane som allereie er betalt for forarbeidet og deretter ansette nye arkitektar som skal ha betalt for eit nytt forarbeid), og utset prosjektet betraktelig (starte ny prosess med nye arkitektar og utforming av nye teikningar som må gjennom nye høyringsrundar og innspelsrundar med brukarane). Rein fakta, med andre ord.

Ja, eg kallar det utnyttelse av symbolpolitikk. Men på kva måte går dette inn under dei fem hersketeknikkane?

Dette har blitt ei viktig lærdom for meg. Det kan eg takke Sigbjørn for!

- Annonse -