Biletet er teke like før ulukka skjedde søndag ettermiddag. Foto: Webkamera/Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Personane i bilen kom frå hendinga med skrekken. Politiet opplyser om lange køar i begge retningar.

Like etter klokka 16 søndag melde politiet om ei dramatisk hending på Stordabrua.

Taket på ein lastebil hadde blåst av i eit sterkt vindkast, og trefte ein personbil som kom i motgåande køyrefelt.

– Personane i bilen var uskadd og køyrde sjølv ut av brua, fortel operasjonsleiar Jøran Solheim i politiet.

Taket på lastebilen landa så i vegbanen, der det sperra begge felta. Det fall også ut noko last frå lastebilen.

– Taket var såpass stort at det sperra begge køyrefelta i ein periode. Så har Falken no hatt redningsbil på staden og fjerna taket.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Like før klokka 16.30 vart brua opna att.

– Det er mykje kø i begge retningar, og det er meldt om kraftige vindkast på staden, opplyser operasjonsleiaren.

Han har ikkje noko opplysningar om skadene på bilen.

Politiet opplyste først på Twitter at hendinga skjedde på Bømlabrua, men det riktige er altså Stordabrua.

- Annonse -