Det bles kraftig på Bømlabrua. Webcamera: Statens Vegvesen
- Annonse -

Stiv kuling på Bømlabrua førte til ein dramatisk situasjon søndag morgon.

Rett etter klokka 9 søndag, meldte Sørvest politidistrikt at ein takboks blåste av ein bil på Bømlabrua.

– Takboksen heng fast i rekkverket på brua. Takboksen er øydelagt, meldte politiet på Twitter.

Då ein politipatrulje kom til staden var takboksen vekke.

– Takboksen blåste på sjøen, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen til Stord24.

Det er ikkje meir enn to månadar sidan ein man omkom etter at ein gjenstand frå ein trailer blåste av og trefte ein bil i motgåande køyrefelt. Operasjonsleiaren seier at også denne situasjonen kunne fått blitt alvorleg.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Ja, det kunne det. Men no var det ingen bilar i nærleiken, så heldigvis gjekk det bra.

Politiet åtvarar mot kraftig vind på brua. I 9.30 var det vind på 26 meter per sekund.

– Det er god og kraftig vind på brua, seier Bjørnsen.