Skodespelar Synnøve Macody Lund skal spele i den nye storfilmen om Lisbeth Salander. Foto: Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Det amerikanske magasinet Variety melde i går at stordabu Sunnøve Macody Lund får rolle i den nye storfilmen om Lisbeth Salander. 

Filmen har fått namnet The Girl in the Spider’s Web, og er ein oppfølgjar til The Girl With the Dragon Tattoo frp 2011. Filmane er basert på dei bestseljande bøkene til den svenske forfattaren Stieg Larsson.

– Eg kan stadfeste at eg har ei rolle i filmen og er superhappy for det. Eg er i Berlin på innspillinga no, sier Macody Lund til Filter, som først omtalte saka i Norge.

Det er førebels ikkje kjend kva rolle Macody Lund skal ha i filmen.

Filmen vil bli spoelt inn i Berlin og Stockholm, og er produsert av Sony Pictures. RDet er Fede Alvarez frå Uruguay som regisserer filmen.

Planen er at filmen skal ha kinopremiere i november i år.

- Annonse -

Stordabuen hadde i fjor hovudrolla i den norske skrekkfilmen «Hjemsøkt».