Professor Jørn Øyrehagen Sunde skal halde føredrag om "galskapens historie" på Sunnhordland museum onsdag kveld. Foto: UiB/Sunnhordland museum
- Annonse -

Onsdag kveld kan du bli med på ei reise gjennom galskapens rettshistorie, fram til dagens debatt om behandlinga av psykisk sjuke kriminelle.

 – Jørn Øyrehagen Sunde, opphavleg frå Kvinnherad, er ein av dei leiande jussprofessorane i Noreg, og kjent for vera ein suveren formidlar. Onsdag kjem han til oss, så dette bør folk få med seg, seier direktør Håvard Tvedte ved Sunnhordland museum.

Sunde vil fortelje om galskapen si strafferettshistorie gjennom 1000 år. Etter føredraget blir det omvising i den aktuelle utstillinga «Galskapens fengsel» utvikla av Justismuseet i Trondheim. Den tek opp det viktige spørsmålet: Kva er utilreknelegheit?

Galskap

– Det har alltid vore ei utfordring for jussen å hanskast med galskap, og den skade ein i galskap er i stand til å påføra andre og seg sjølv, seier Jørn Øyrehagen Sunde, som til dagleg er professor ved Universitetet i Bergen.

– På den eine sida har det ikkje skjedd så store endringar dei siste 1000 åra, sidan ein heile tida har operert med mildare straff for den som blei rekna som gal, og ulike typar forvaring.

- Annonse -
- Annonse -

Sunde meiner det på den andre sida har det skjedd ein revolusjon, sidan det er stor forskjell på om den som blei rekna som gal blei landsforvist eller underlagt medisinsk behandling, og på det å bli lenka fast til opphald på psykiatrisk sjukehus.

– Ei reise gjennom galskapen si strafferettshistorie er dermed òg ei reise gjennom korleis me gjennom 1000 år har forstått både samfunn og menneske, og korleis det kollektive verdigrunnlaget og samfunnsvelstanden har endra seg, seier Sunde.

- Annonse -

Relevant i dag

Museumsdirektøren meiner utstillinga og sjå korleis psykisk sjuke kriminelle har vore handsama i historia kan hjelpe oss med å forstå samfunnet vårt i dag endå betre.

– Å lære meir om korleis behandlinga av psykisk sjuke kriminelle har vore kan hjelpe oss å forstå samfunnet vårt i dag endå betre. Verdispørsmål blei jo mykje debattert i valkampen me har lagt bak oss, og her vil me få nyttig påfyll i kva kollektive verdiar me både har hatt og har. Og me får tid til å reflektere over korleis me vil ha det i framtida, seier Håvard Tvedte.

– Ei av satsingane våre er å løfta formidlinga av psykiatrihistoria. At Jørn Øyrehagen Sunde kjem til museet er difor eit høgdepunkt for oss. Tidleg på dagen har me invitert elevar frå vidaregåande skular i Sunnhordland til eigne føredrag med Sunde. Og til kveldsarrangementet opplever me stor interesse, så det kan vera lurt å kome tidleg.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Sunnhordland museum, og byrjar klokka 19 i Museumshallen på museet.

- Annonse -