Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Syklisten vart skada i ansiktet etter å ha blitt påkøyrd i Hollundsvegen på Bømlo. 

Politi og ambulanse rykka ut til ulukka som skjedde i 15.30-tida onsdag.

– Syklisten er med item og har skader i ansiktet. Han blir vidare ivareteken av helsepersonell, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

Syklisten skal ha køyrt inn i bilen bakfra.

– Me har fått melding om at syklisten skal ha køyrt inn i ein bil bakfrå. Bakruta på bilen er knust, og mannen får no behandling på legevakta, opplyser operasjonsleder Toralv Skårland til BT.

Syklisten er ein mann i slutten av 40-åra.

- Annonse -

Hollundsvegen ligg like nord for Bremnes sentrum.

- Annonse -