Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Sykla over eit gangfelt og blei påkøyrd av ein bil.

Det var i 8-tida måndag morgon at politiet fekk melding om ei påkøyrsel i Langelandsvegen på Stord.

– Me fekk inn melding om ein syklist som vart påkøyrd. Det er litt uklart kva som har skjedd, men syklisten skal ha sykla over eit gangfelt, og blei så treft av ein bil, opplyser operasjonsleiar Sølvi Ravndal i Sørvest politidistrikt.

Syklisten, ein mann i 40-åra, skal ha kome meir eller mindre uskadd frå hendinga.

– Tilsynelatande gjekk det bra. Han blei forslått og fekk skrubbsår og blei sjekka av ambulanse på staden.

- Annonse -

Politiet har så langt ikkje sanksjonert mot bilisten.

- Annonse -
- Annonse -

– Førarkortet er ikkje beslaglagt. Det er nok fordi det er uvisst kva som har skjedd og at det er snakk om sykling over eit gangfelt. Men politiet har oppretta sak.

- Annonse -