Svein Halleraker frå Stord Høgre er på 3. plass på nye Vestland Høgre si liste til fylkesvalet neste år. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Politikaren frå Stord Høgre kapra ein av dei viktigste plasseringane i nystifta Vestland Høgre.

I helga blei Høgre sine fylkeslag i Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Vestland Høgre. Samtidig gjorde partiet klar lista til fylkestingsvalet til neste år.

Det vart Silja Ekelund Bjørkly frå Bergen som blei valt som fylkesordførarkandidat.

Samtidig blei Svein Halleraker frå Stord Høgre vald inn til ein tredjeplass på lista. Han gjer dermed eit kraftig byks på partilista. I dag står han på 10. plass på Hordaland Høgre si liste.

– Me har no fått eit nytt fylke med ansvar for ei rekkje saker som er viktige for kvardagen til befolkinga i Vestland fylke. Sjølv vil eg takke for tilliten det er å vere valt inn i dette fantastiske teamet som skal arbeide for valseiar i 2019, seier Svein Halleraker i ei melding.

Ordførarkandidat og lokallagsleiar i Stord Høgre, Øyvind Kyvik, er svært nøgd med å få ein lokal partifelle såpass høgt på lista.

- Annonse -

– Eg er svært nøgd  med å få ein så dyktig og erfaren politikar som Svein inn på fylkestingslista. Det betyr veldig mykje for oss på Stord og Sunnhordland at me har politikarar som jobbar for våre saker, seier Kyvik.

– Eg veit og at Svein kjem til å være ein god representant for heile fylket og er eit veldig godt val for Vestland Høgre.

Svein Halleraker er sambuar til stortingspolitikar Liv Kari Eskeland (H) og bror til tidlegare stortingsrepresentant og no dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker.

Når det gjeld andre lokale namn på lista fylkeslista må me heilt ned på 19. plass. Der finn me Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H), som gir seg som ordførar til neste år.

- Annonse -