Emil Tranøy Aasheim i Sunnhordland FpU.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Kjellbjørg Lunde frå SV opptrer svært arrogant og naivt når ho meinar at alle har moglegheit til å la bilen stå, og betale oppimot 40 kroner ekstra kvar dag i bompengar.

Av: Emil Tranøy Aasheim,
Formann, Sunnhordland FpU

Er det ein ting som kjem tydeleg fram i dei kunnskapslause uttalelsane til Kjellbjørg, så er det vertfall at ho ikkje bur i Sagvåg eller på Litlabø, men på Rommetveit, heilt attmed hovudvegen der bussforbindelsane er noko lunde brukande.

Med det busstilbodet som me har i dag, så er det faktisk ikkje mogleg for ein familie på 5 å komma seg til jobb, barnehage og skule utan å nytta bilen. Denne påstanden blir forsterka om du har postnummer 5410-5412, for her går bussane kun 1 gong i timen, og dei brukar om lag ein halvtime på å kjøre frå Vikanes til Leirvik.

Sånn sett så er det heller ikkje realistisk at busstilbodet forbetra seg, då kundemassen på knappe 18 739 innbyggarar er alt for liten til å krevje bussavgangar kvart 15. minutt. I så fall må fylkeskommunen subsidiere busstilbodet, som vil føra til unødvendig økte utgifter.

Reknestykket viser at om du har to passeringar i bomringen kvar dag med bil, så vil du få ein ekstrakostnad på 9200 kroner i året. For ein småbarnsfamilie med under gjennomsnittleg inntekt så vil dette merkast ganske tydeleg i lommeboka.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

SV viser igjen at dei sparkar nedover på dei som allereie slit økonomisk. «Dei aller rikaste» vil ikkje merka effekten av bomringen i det heila tatt, men det vil dei menneska som går på sosialstønad.

Det som er det verste med Stordpakken, er at nokon av prosjekta som er bakt inn ikkje handlar om bilvegar, men sykkelveg. Er det rett at bilistar skal betala for vegar dei ikkje kan køyra på?

Nasjonalt blir det krevd inn rundt 120 milliardar i bilavgifter i året, medan kun 30 av dei går til det som omhandlar veg og infrastruktur. Då sitt me igjen med 90 milliardar kroner som bilistar har betalt, som går til heilt andre føremål enn veg og infrastruktur. Då burde det ikkje vært behov for bompengar, ettersom midlar som skal finansiera nye vegar allereie ligg på bordet. Spørsmålet er då kva politikarane på venstresida brukar dei på.

- Annonse -