Torbjørn Brosvik (KrF) vil at Stord kommune skal formalisere skulegudstenesta i eit nytt vedtak. Ingunn Hansejordet (SV) meiner Stord-skulane heller bør legge juleavslutninga til ein annan stad. Foto: Stord kommune/Statens Vegvesen/Stord24
- Annonse -

Stord-politikar Ingunn Hansejordet (SV) vil ha svar på kva slags alternativ juleavslutning elevane får tilbod om dersom dei ikkje ønskjer å delta på skulegudstenesta.

– Gudstenester bør ikkje fungere som avslutning. Skulen skal vere for alle, og difor må leggje avslutningar og andre felles seremoniar til skulen eller andre livssynsnøytrale stader, seier Hansejordet til Stord24.

Ho vil ha svar på om Stord praktiserer gudstenedeltakinga i tråd nye livssynsnøytrale føringar om skulegudstenesta frå Utdanningdirektoratet.

Direktoratet skriv mellom anna at «Skoleavslutninger skal være inkluderende og legges slik at alle elever kan delta. Skolegudstjenesten bør derfor ikke være en skoleavslutning i seg selv.»

Vil ha svar frå kommunen

Hansejordet har sendt ei rekkje spørsmål til kommuneadministrasjonen knytt til gjennomføringa av skulegudstenesta, mellom anna dette:

Korleis står det til med tilbodet av alternative, likeverdige tilbod ved skulane? Kan arbeid med oppgåveark i eit klasserom reknast som eit likeverdig tilbod?

- Annonse -

– Oppslag i lokalpressa for eit par år sidan, samt erfaringar frå elevar og føresette ved ulike skular, tyder på varierande praksis ved skulane når det gjeld alternative tilbod, påmelding og informasjon til heimen, skriv Hansejordet

Ho utdjupar dette overfor Stord24.

– Eg har opplevd at skulane gir arbeid med eit oppgåveark som alternativ til julegudstenesta. Det har eg eigen erfaring med, om ikkje heilt ferskt, med forbehald om at det kan vere ulikt på ulike skular, seier Hansejordet.

– Kristne trua viktig del av norsk kultur

Gruppeleiar for KrF på Stord, Torbjørn Brosvik, har tydeleg fått med seg utspelet til Hansejordet. Han har nemleg sendt ein interpellasjon til kommunestyret der han framhever viktigheita av at alle elevar får tilbod om å vere med på skulegudsteneste.

– Landet vårt, og Stord kommune, blir stadig meir mangfaldig. Me møter ikkje lenger andre kulturar berre på ferie. Mange har fått naboar med nye kulturar og religionar. For å skape god integrering er det viktig at ein er trygge på kva verdiar som ligg til grunn for norske tradisjonar og lover.

Brosvik ønskjer at Stord kommune skal formalisere deltaking på skulegudstenesta i lys av den nye læreplanen, gjennom følgjande framlegg til vedtak:

Kommunestyret ber skulane i Stord legge til rette for at alle elevar i grunnskulen får tilbod om skulegudsteneste i tråd med ny nasjonal rettleiar.

– Den kristne trua har prega lovverk, kultur, tradisjonar og høgtider i over tusen år og er såleis ein viktig del av det norske verdigrunnlag og kultur. Stord KrF meiner difor at å delta på gudsteneste bør vere ein del av ny najsonal rettleiar, skriv Brosvik.

– Ikkje grunn til bekymring

Hansejordet meiner KrF-politikaren ikkje treng å bekymre seg over at tradisjonane er på vikande front i skuleverket.

– Den bekymringa som Brosvik ser ut til å gjere seg til talsmann for ser eg ikkje grunn til. Eg ser heller grunn til å bekymre seg for ein annan, litt nyare tradisjon, nemleg religionsfridomen og foreldra sitt høve til å velje trusopplæring for sine eigne barn.

SV-politikaren frå Stord er ikkje bekymra for at den nye rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet skal gå på bekostning av den norske kulturarven.

– Eg meiner at skulen skal formidle norsk kulturarv og norske tradisjonar, og gudstenester kan vere ein del av dette. Poenget er at gudstenestene skal vere eit tilbod, og at skulane må tilby eit alternativ som er likeverdig. Eg ser ingen grunn til bekymring for kulturarven, for er det nokon som held oppe og formidlar kulturen kring advents- og juletradisjonar, så er det barnehagar og skular.

- Annonse -