Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

Ein 45 år gammal mann busett i ein kommune i Sunnhordland, må møte i retten for mange tilfelle av grov vald mot kjærasten.

I starten av mars er det sett av to dagar til rettssaka mot 45-åringen. Han står tiltalt for åtte tilfelle av vald mot kjærasten, som skal ha skjedd i tidsromma mellom sommaren 2016 og sommaren 2017.

Dei mest alvorlege valdsepisodane har kvar for seg ei strafferamme på inntil seks års fengsel.

Mange tilfelle av vald

Dei første valdsepisodane skjedde i juni 2016, då 45-åringen slo og sparka kjærasten fleire gonger mot kroppen og/eller hovudet i sin eigen bustad. Han kasta også ein sprayboks mot kjærasten slik at ho fekk eit kutt i panna.

I september 2016 slo han kvinna i brystet slik at ho knekte eit ribbein. Det medførte at ho måtte sjukemelde seg i to månadar. Ved same høve slo han ho med ei lommelykt i hovudet slik at ho byrja å blø.

Ein månad seinare, i oktober, slo og/eller sparka han kjærasten i foten med ein slik kraft at ho knekte beinet.

- Annonse -
- Annonse -

Same månad skjedde det ein ny grov valdsepisode, då 45-åringen slo ho i ansiktet med knytt hand, med den følgje at ein bit av fortanna fall av.

Tok kvelartak

Sommaren 2017 tok han kvelertak på kjærasten, stakk ein finger opp i auga hennar, og haldt ho så for munnen slik at ho ikkje fekk puste.

- Annonse -

Totalt er det åtte tilfelle av vald som mannen er tiltalt for.

I tillegg til dei mange valdsepisodane, står 45-åringen også under tiltale for å ha køyrt bil medan han var påverka av narkotika, og for å ha kø-yrt utan gyldig førarkort.

Forsvaren til 45-åringen, Erik Lea, har førebels ikkje noko kommentar til saka.

– Det er for tidleg for meg å seie noko om klienten min erkjenner straffskuld, for eg har ikkje fått hatt eit møte med han enno. Eg skal møte han i neste veke, og eg har ikkje lyst å gi noko kommentar før det, seier Lea.

Det er sett av to dagar til rettssaka i Sunnhordland tingrett.

- Annonse -