Sunnhordland skal bygge eit nytt lager- og distribusjonsbygg (øvst i midten). Til høgre er dagens bygg og til venstre er det teikna inn eit framtidig kontorbygg ved ei eventuell flytting av redaksjonen frå Leirvik.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mediehuset Sunnhordland har søkt om løyve for å føre opp eit kontor- og lagerbygg. Men førebels er det ikkje aktuelt å flytte frå Borggata.

Mediehuset Sunnhordland treng meir plass på Heiane, og ønskjer difor å bygge eit lager- og kontorbygg ved sidan av det eksisterande bygget.

– Me treng meir areal til distribusjonselskapet vårt, og eit betre lokale for pakking og lager til trykkeriet. Det var også tenkt at El-Tel skulle flytte inn, men det har endra seg.

Dårlege lokale

Det er også teikna inn eit stort kontorbygg i planane, som er kalla «avishuset». Dette skal ikkje byggast i denne omgang, men på sikt utelukkar ikkje Hystad at Sunnhordland vil samle heile avisproduksjonen på Heiane.

– Me har hatt tankar i mange år om å flytte til Heiane. Me har for dårlege lokale der me er i Borggata. Det er blitt tungtvint og upraktisk. Men dette prosjektet er ikkje i første rekkje, og er ikkje byggemeldt no.

Slik vil det nye lager- og kontorbygget bli. Skisse: JK Artkitektur
- Annonse -
- Annonse -

Hystad fortel at planane om eit nytt avishus var meir aktuelle for nokre år tilbake, men at dei utfordrande økonomiske tidene har sett dei på vent.

– For halvanna år sidan hadde me planar om å gjere flyttinga til eit prosjekt internt i huset, men me har ikkje gjort det grunna dei økonomiske tidene i bransjen. Me har ingen konkrete tidsplanar om å flytte avishuset akkurat no.

- Annonse -

– Er det viktig for Sunnhordland å vere til stades i Leirvik sentrum?

– Det har alltid vore eit tema for oss å vere i sentrum. Så det er jo det me ønskjer. Det er av praktiske årsakar at me har begynt å sjå på meir hensiktsmessige lokale.

Fleire planar

Hystad peiker på at det ikkje er første gong at dei har hatt tankar om å flytte avisa til Heiane.

– Dette har jo blitt teikna fleire store utvidingar av bygget sidan det vart bygd i 1989, så det har vore mykje planar sidan den gongen. Det er framleis ikkje noko meir konkret enn teikningar.

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -