Her i Hellandselva i Kvinnherad skal SKL produsere straum. Foto: SKL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

NVE gav grønt lys for investeringa i Hellandselva i Kvinnherad

Sunnhordland Kraftlag (SKL) ønskjer å produsere 27 GWh straum, tilsvarande forbruket til 1350 husstandar i Hellandselva i Kvinnherad.

Torsdag melde Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) at kraftlaget får løyve til å bygge.

Dermed går dei i mot den lokal motstand. Kvinnherad kommune var i høyringsuttalen i mot at SKL skulle få konsesjon.

NVE skriv at dei negative konsekvensane for utbygginga primært er knytt til friluftsliv og landskap. Ved å plassera inntaket lengre nede enn det som opphaveleg var planlagt, meiner NVE at ulempene blir færre.

- Annonse -

– NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og meiner at ulempene kan avgrensast ytterlegare ved å sette vilkår om mellom anna minstevassføring, omløpsventil og aktsemd i anleggsfasa, skriv direktoratet.

- Annonse -
- Annonse -

Vidare vert det sagt at direktoratet er positive fordi dei meiner utbygginga vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.

Onarheim kraftverk er i følgje SKL kalkulert til å kost 92,1 millionar kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -