Faksmile: Sunnhordland
- Annonse -

Avisa fekk den gjevaste prisen under aviskåringa på årsmøtet til Landslaget for lokalavisar laurdag.

Juryen frå LLA uttalar mellom anna at «Sunnhordland er ei avis som står fram som glad, nær, vesentleg, viktig, hyggjeleg og inviterande. Avisa har lokale leiarar, er attkjenneleg og godt redigert med framifrå lesarkontakt. Avisa byr opp til dans – og er tydeleg på at ho ønskjer kontakt både med lesarar og annonsørar.»

– Eg har aldri vore oppteken av prisar, men i dag vart me årets lokalavis. Eg kjenner i heile kroppen at eg er rørt. Det er fantastisk, fordi dei som har gjort jobben og i åresvis har stått på lagt eit så flott produkt som me har, det fortener dei skikkeleg, seier dagleg leiar i Sunnhordland Reidar Hystad til Medier24.

Avisleiaren rosar dei tilsette for å ha stått på ekstra i vanskelege tider.

– Det har blitt verre og verre rammevilkår for oss, men på huset har ein berre stått endå meir på for å lage dette produktet, seier Hystad som lovar fest for alle dei tilsette i avisa på måndag.

Sunnhordland henta også heim prisen for årets digitalsatsing, med nettserien «Garasjen».

- Annonse -
- Annonse -