Tre av dei engasjerte i Sunnhordland FpU. Fra venstre: Kai Morten Torget, Yvonne Irgens, Emil Tranøy Aasheim. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Biologien er på dette punktet veldig tydeleg.

– Det at det skal vere naudsynt å skrive ein resolusjon om kor mange kjønn me har, er for meg svært trist, skriv Espen Magne Renstrøm i Sunnhordland FpU.

Lokallaget har no vedteke å avvise forslaget om å utgreie eit tredje juridisk kjønn.

For to år sidan sa eit stortingsfleirtal med Høgre, Frp, KrF og Senterpartiet nei til forslaget om å utgreie eit tredje kjønn.

Forslaget kom då frå Arbeidarpartiet, som ønskte å opne for at dei som ikkje kjende seg som mann eller kvinne skulle få høve til å vere  definere seg som den tredje kjønnskategorien «hen», slik som er innført i Sverige.

Fleirtalet i Framstegspartiets Ungdom er derimot for å stryke heile ordninga med juridisk kjønn. Det er lokallaget på Stord sterkt i mot.

- Annonse -

– Partiet mitt støttar ein politikk som går på tvers av det som er vitskapeleg fakta. Me har ikkje 3, 7, 42 eller uendeleg tal kjønn, me har to, og det er mann og kvinne, skriv Sunnhordland FpU.

– Biologien er på dette punktet veldig tydeleg. Me er ein seksuelt reproduserande art, der me treng ein mann og ei kvinne for å bringe arten vidare. Kjønnet kan dermed definerast ved hjelp om ein har eit mannleg eller kvinneleg kjønnsorgan.

Sunnhordland FpU meiner det medisinske miljøet klart definerer kjønn etter kromosomsamansetninga, og viser til at dei tilfella der barn er født med to sett med kjønnsorgan ikkje heller ikkje bør definerast som eit eige kjønn.

– I dei tilfelle der nokon vert født med begge kjønnsorgana eller med ein XXY kromosomsamanheng ser me på dette som ein genetisk mutasjon, og ikkje eit eige kjønn.

Bergen FpU har også vedteke å seie nei til eit tredje kjønn. Dei har også føreslått å innføre eit forbod mot juridisk kjønnsskifte.

- Annonse -