Denne fine gjengen fann mykje fint i vegkanten oppover mot Kidnavatnet. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Søndag blei Villblomedagen markert i Fitjar, og rundt ti godt vaksne blomevener møtte opp ved Olstjødno for å vera med på ein flott søndagstur.

Av: Kjetil Rydland

Dette var første gongen Sunnhordland Botaniske Forening skipa til Villblomedagen i Fitjar-fjellet. Sigrun Vik Nilsen og Sigbjørn Aarland var turleiarar, og dei hadde med seg ei lett blanding av reine amatørar og svært kunnskapsrike deltakarar.

Turleiar Sigrun Vik Nilsen viser kor me skal gå. Foto: Kjetil Rydland.

Som ventande kunne vera, var det mange blomar å sjå langs ved vegen opp til Kidnavatnet. Dei fleste plantene me fekk sjå var ganske vanlege, som arve, porslyng, øyrevier, krypvier, tiriltunge, tepperot, heiblåfjør, og kystmyrklegg.

Oppe i skråninga mot Litlakidno kom me over ein liten oase med ei blanding av vanlege planter og litt meir sjeldne. Stri kråkefot, fugletelg, hengjeveng, flekkmarihand, tettegras, soldogg og bjørneskjegg er alle relativt vanlege.

Det same er fjellfrøstjerne, men i dag såg me ein av dei aller vestlegaste førekomstane av denne vesle blomen, som er svært vakker på nært hald. Han er vanleg i Sæterbøfjellet, og ifølgje Jan Rabben skal ho vera å finna ved Søra Tjødno, mellom Rydland og Tislavoll. Men ho er svært sjeldan så langt vest.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det andre gullkornet Sigrun Vik kunne dra fram her oppe, var bjønnbrodd, som nok var dagens mest eksklusive fangst. 

Det hadde absolutt vore plass til fleire i den vesle flokken med blomevener i dag. Turleiar Sigbjørn Aarland nytta høvet til å slå eit slag for Norsk Botanisk Forening, og me vil gjerne støtta han. Botanikk er ein kjekk hobby!

Les meir om Villblomstenes dag på heimesida til Norsk Botanisk Forening.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -