John Tonnessen (MDG). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Tilhengjarane av Hordfast ynskjer å framstille all skepsis til Hordfast som bakstreversk og verkelegheitsfjernt.

Av: John Tonnessen, Stord MDG,
og Kurt Henning Ådnanes, Bømlo MDG

Hordfast-begrepet er mest knytta til det store flytebruprosjektet over Bjørnafjorden, men det dreier seg om mykje meir. Hordfast er samlebetegnelsen på det store vegprosjektet som innebærer 4-felts veg over Stord, bru over til Tysnes ved Jektevik og ny 4-felts veg nordover Tysnes og Reksteren.

Me ynskjer å presisere at me ikkje er imot all utvikling i samferdslesektoren. Det me er kritisk til i Hordfast-prosjektet er dimensjonane og den enorme øydelegginga av natur. Deler av Hordfast-prosjektet er me positive til, som brua over Langenuen mellom Stord og Tysnes, og utbetring til sikrare veg nordover på Tysnes. Dette ser me kan vera godt for trafikksikring og er
god lokalpolitikk for Sunnhordland.

Det me er mest kritiske til er dimensjonane på veganlegget som vil øydeleggja verdifulle naturområder på Stord, Tysnes og i Os. Me er også kritiske til framstillinga om at denne 4-feltsvegen må på plass, heile vegen frå Stord til Bergen, for at det i det heile skal vera leveleg i Sunnhordland i framtida.

Dette er skremsel frå Hordfast AS.

- Annonse -

Me er og kritiske til påstanden om at Stavanger – Bergen må knyttast saman til ein bu- og arbeidsmarknad, med Stord og Reksteren som vegslakt i midten. Konsekvensen av det kan berre bli auka sentralisering. Me trur at smått er godt, at Sunnhordland er ein sterk region som bør byggja vidare på det som gjer oss særeigne, ikkje konkurrere om å vere forstad til storbyen.

Me meiner og at ressursbruken til så stor veg er skremmande dårleg prioritert. Kommunane står framfor ein enorm kostnadsauke knytt til at mange innbyggjarar blir eldre og vil trenge helse- og omsorgstenester. Dette kan ikkje sentrale myndigheter finne penger til fordi det er inflasjonsdrivande, men 37 milliardar kroner sitt laust når vegbyggarane ropar på meire vekst.

Me prioriterer oss til katastrofe. Både klima og natur, men og eldrebølgja, er varsla problem som har fått vekse utan at dei har blitt møtt med den handlekraft som er naudsynt. Fordi myndighetene prioriterer feil. Me må snart sette fokus der det høyrer heime, på natur og klima, og folks livskvalitet, ikkje berre auka vekst.

MDG meiner me må jobbe for eit samfunn i balanse med naturen, og med kapasitet til å ta vare på folk. Hordfast bidreg ikkje til dette.

- Annonse -
Forrige artikkelMars-kulda held fram: Natt til tysdag vart det målt -33,6 gradar på Hardangervidda
Neste artikkelEldre kvinne frakta vekk med ambulanse etter utforkøyring