Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er jo ikkje akkurat slik det bør gå føre seg. Det kan ikkje vere slik at dei styrer heilt seg sjølv utan at nokon følgjer med på det, seier Harald Rydland (KrF).

Sunnhordland museum er i desse dagar i ein prosess der dei ønskjer å revidere vedtektene til stiftinga som eig museet. Bakgrunnen er at museet ikkje har drive i samsvar med dei gjeldande retningslinjene frå 2004.

I følgje dei gjeldande retningslinjene for museet skal eit museumsråd ha ansvar for å peike ut fire av dei sju medlemmene i styret til Sunnhordland museum. To av styremedlemmene er det Hordaland fylkeskommune som peikar ut, og dei tilsette peikar ut eitt medlem.

Styret har igjen ansvar for å tilsetje dagleg leiar andre faste medarbeidarar, rapportering og økonomistyringa av museet.

Rådet blei lagt ned i 2012

Men museumsrådet eksisterer ikkje lenger. Det vart lagt ned i 2012, som følgje av at det låg under dåverande «Sunnnhordland folkemuseum og sogelag», som då blei avvikla som eit resultat av den nasjonale museumsreforma.

Dermed er det styret sjølv valt sine eigne styremedlemmer på årsmøta sidan 2012, sjølv om dette er i strid med vedtektene. To av dagens styremedlemmer, Johanne Marie Rånes Heggebø og Leiv Guddal har vore attvalt som styremedlemmer heilt sidan 2012, og dei to andre, Gjøa Kvalnes og Jens Litlabø har vore i styret sidan 2014.

- Annonse -

Styret i Sunnhordland museum har heller ikkje sendt oppdatert informasjon til stiftelsestilsynet. Det er ikkje blitt meldt inn ny styresamansetnad sidan 2015. Dermed er det styremedlemmene for fire år sidan som framleis står oppført i dei offisielle dokumenta.

KrF-politikar Harald Rydland. Foto: Kjetil Rydland

– Ikkje slik det bør gå føre seg

Det får KrF-politikar Harald Rydland frå Fitjar til å reagere. Han sat sjølv som fylket sin representant i styret frå 2013 til 2015.

– Det er sikkert flinke folk som sit i styret, og det er ikkje meint som noko mistillit. Men det er jo ikkje akkurat slik det bør gå føre seg. Det kan ikkje vere slik at dei styrer heilt seg sjølv utan at nokon følgjer med på det, seier Rydland.

– Her er det store offentlege midlar som kvart år kjem inn. Styret forvaltar viktige verdiar for kommunane i distriktet. Då bør det vere slik at det er eit formelt organ som bør sjå til korleis stiftinga blir driven. Viss ikkje blir ikkje dette følgt opp på ein god måte.

Rydland viser til vedtektene for musea i Hardanger og på Voss, der det er eit råd beståande av ordførarane i kommunane, som har ansvar for å peike ut styret, og kunna gi uttale til årsrekneskapen.

– Då har ein mykje betre kontroll. Eg kunne tenke meg ei ordning der Sunnhordland museum hadde ei lik ordning som Samarbeidsrådet for Sunnhordland, der rådmenna og ordførarane i kommunane var representerte.

Uforsvarleg økonomi

Då Hordaland fylkeskommune i 2017 hadde ein gjennomgang av organisasjonen ved Sunnhordland museum var konklusjonen at økonomien ikkje står i forhold til dei tenestene eit profesjonelt museum skal levera, og at museet ikkje har ei forsvarleg drift.

Også Kulturrådet har peika på at den økonomiske situasjonen ved Sunnhordland museum skapar ein utfordrande drift.

Oversikta viser korleis eigenkapitalen har gått ned i Sunnhordland museum sidan 2012.

I ei oversikt frå Stiftelsestilsynet viser at eigenkapitalen til Sunnhordland museum gjekk frå vel 2 millionar kroner i 2012 til -364.000 kroner i 2014.

I 2017 publiserte Agderforskning ein evaluering av museumsreforma i Hordaland. Her vert det konkludert med at styra i musea har stor påverknad på drifta.

«Samansetninga av styrene framstår i mange tilfelle som like viktige eller viktigare enn kva selskapsform som er valt. (…) Kva vedtektene seier om styresamansetninga, har stor betydning for kven sine interesser som kjem til uttrykk i styret og den daglege drifta av museet».

Då Rydland var medlem av styret reagerte han på at Sunnhordland museum tok på seg for mange oppgåver i forhold til ressursane dei rådde over.

– Då eg kom inn i styret gjekk dei med underskot, og noko av årsaka til det var at museet hadde teke på seg oppgåver som dei eigentleg ikkje hadde økonomi til å vere med på. Spesielt når det galdt Stord maritime museum. Dermed gjekk det ut over andre område der ein hadde forpliktingar, som vedlikehald av alle desse tuna.

– Eg er oppteken av å formidle at ein må ha eit styre som set tæring etter næring. Då må ein legge opp til ei forsvarleg drift etter inntektene, seier Rydland.

– Bør drive i tråd med vedtektene

Fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd, seier at musea bør halde seg til dei gjeldande vedtektene.

– Eg kjenner ikkje den konkrete saka godt, men alle verksemder bør drivast i tråd med vedtektene. Hordaland fylkeskommune har slutta seg til vedtektsendringane som no vert gjennomført. Så lenge dei driv etter desse og i høve museet sin økonomi er me fornøgde. Utover det har eg ikkje nokon kommentar.

Sigene Ekeland er styreleiar i Sunnhordland museum. Foto: privat

Styreleiar i Sunnhordland museum, Signe Ekeland, har vore med i styret sidan 2012 og er Hordaland fylkeskommune sin representant. Ho fortel at ho kom inn i styre på same tidspunkt som museumsrådet vart lagt ned.

– Rådet blei lagt ned som eit resultat av at dei ikkje hadde nokon funksjon lenger i den nye organiseringa. Rådet var av ein eldre modell, etter organiseringa før museumsreforma, og høyrte inn under Sunnhordland folkemuseum og sogelag. Difor blei vedtektene frå 2004 fort utdaterte.

Omfattande arbeid

Ekeland fortel at styret i løpet av desse åra hadde eit svært omfattande arbeid i samband med museumsreforma, som gjorde at arbeidet med å lage nye vedtekter blei utsett.

– Første prioritet frå styret si side var å ordne opp i skøyta for alle eigedommane. Det var eit veldig krevjande og møysommeleg arbeid, som museumsdirektøren arbeidde med i fleire år. Så skulle neste prioritering vere å jobbe med vedtektene.

– Kva tenkjer du om at styret har valt seg sjølv sidan 2012?

– Det ein må vere merksam på er at styret i ein periode har gjort vedtak medan me er i ein vedtektsendringsprosess. Styret har sett saman eit utval som skulle jobbe med vedtektsendringane, og då ville det vore uheldig om dei gjekk ut. Eit styre må alltid jobbe mest mogleg føremålstenleg, fordi me sit med det ansvaret me faktisk gjer.

– Treng ikkje nytt organ

Sunnhordland museum har hatt tre ulike direktørar dei siste åra. Ekeland meiner det hadde vore uheldig med for mange utskiftingar i styret når det har vore så mykje skifte i direktørstolen.

– Me har på desse åra hatt fleire skifte av direktørar. Det har difor vore viktig med kontinuitet i arbeidet. Styret har difor sagt seg villige til å vere med vidare for å få desse tinga i hamn.

Ekeland er ikkje samd med Harald Rydland i at det trengst eit nytt organ som kontrollerer arbeidet til styret.

– Eg er heilt samd med han i at det er viktig å rapportere kva dei offentlege midlane blir brukt til. Men eit organ som fører noko tilsyn for at alt går rett for seg er ikkje føremålstenleg for stiftingar som Sunnhordland museum. Omsynet til Rydland er ivareteke med at me skriv årsrapportar og rapporterer til fylkeskommunen og kulturrådet årleg. Alt av drift og rekneskap blir gjennomgått. Det er ganske omfattande rapportering me må gjere.

Tore Lande Moe. Foto: Stord Sogelag

– Rådet var med å binde saman kommunane

Tidlegare direktør ved Sunnhordland museum, Tore Lande Moe, seier at museumsrådet som no er lagt ned har historiske røter.

– Eg trur det har vore i drift sidan byrjinga, tilbake til 1913/1914. I mi tid, då eg sat som bestyrar, så syntes me at dette med rådet var ei litt krøkkete sak. Du hadde eit styre, eit råd og eit årsmøte. Teoretisk sat jo årsmøtet då på toppen og kunne omgjere styrevedtak, seier Lande Moe.

Han fortel at halvparten av museumsrådet skulle veljast på årsmøtet, og den andre halvparten blei oppnemnd av kommunane.

– På den måten var ein med på å binde kommunane til Sunnhordland museum. Eg brukte rådsmedlemmane då me småforska i ulike emne, og kontakta dei for å samle inn informasjon.

Ville utsetje saka

I dei nye vedtektene som Sunnhordland museum no prøvar å få gjennom, vert museumsrådet føreslått formelt lagt ned. Museet vil då gjere desse endringane når det gjeld valet av styremedlemmer: «Fire medlemer med personlege varamedlemer valde
av rådet.» er erstatta med «To medlemer med personlege varamedlemer oppnemnde av
Sammarbeidsrådet for Sunnhordland. To medlemmer med personlege varamedlemer
oppnemnde av valnemda».

Valnemnda skal i følgje forslaget til vedtektene peike ut to eksterne styremedlemmer.

Då næring, miljø og kulturkomiteen fekk dei nye vedtektene til handsaming, valde dei å utsetje saka. Det same gjorde Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

– Dette har teke lenger tid enn me håpa og forventa. Men no forstår eg at kommunane vil bruke endå meir tid på det, seier Ekeland.

– Ikkje lett å endre vedtektene

Harald Rydland meiner det ikkje er heilt uproblematisk å få endra på vedtektene, slik Sunnhordland museum legg opp til.

– Eg har vore borti fleire saker som går på endring av vedtektene i ei stifting, og det er ikkje lett. Ein skal ha kolossalt gode grunnar for å gjere slike endringar, og det er ei føresetnad at endringane må vere med å fremje stiftinga sitt føremål. Eg er veldig usikker på om endringane som Sunnhordland museum legg opp til gå gjennom i stiftelsestilsynet. Det skal dei ha ei veldig god grunngjeving for.

I mellomtida skal styret i Sunnhordland museum ha eit nytt årsmøte i slutten av februar. Då vil eit nytt styre bli valt for det neste året, i strid med dei gjeldande vedtektene.

- Annonse -