Elverksjef Håvard Singelstad (t.v.) takkar av i Fitjar Kraftlag frå 1. januar. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Vår oppfordring er: Ver ein ansvarleg eigar og fitjarbu og stem for endringane som styret har lagt fram!

Av: Styret i Fitjar Kraftlag v/ Agnar Aarskog, Simen Løland Aarskog, Mette Fitjar, Torstein Grimen og Oddbjørg Lillenes

«Årsmøtet bør røyste nei til salet av Fitjar Kraftlag» skriv Geir Arne Isdahl i sitt innlegg i Stord24 rundt Fitjar Kraftlag og det ekstraordinære årsmøtet på torsdag. Det er med vemod me ser at me ikkje har nådd ut med tilstrekkelig informasjon rundt denne saka.

Sjølv om det er halde mange informasjonsmøter og det er lagt ut mykje informasjon på våre nettsider ser me at me ikkje har nådd fram med innhaldet i styret sitt forslag.

Styret legg ikkje opp til sal av Fitjar Kraftlag. Me legg opp til at Fitjar Kraftlag blir eigar i Haugaland Kraft. Som motyting får Haugaland Kraft våre aksjer i Sunnhordland Kraftlag og overtar nettverksemda (straumlinene våre).

«Me sit ikkje igjen med noko sterk samfunnsbyggjar i Fitjar om linjenettet vert bytta bort» skriv Geir Arne Isdahl.

- Annonse -
- Annonse -

Dersom eigarane i Fitjar Kraftlag ikkje går inn for forslaget frå styret, står det heilt klårt for styret at me ikkje sit igjen med nokon samfunnsbyggjar i det heile tatt. Grunnen til dette er at det ikkje vil vera pengar til å driva med samfunnsbygging, og ikkje kapasitet i form av ansatte. Dei 16-18 ansatte vil ha fullt fokus på å levera på dei krava som vil liggja til nettverksemda, og med forvaltning av eit Fitjar Kraftlag som konsern, med totalt 3 selskap.

«Eg forstår ikkje kvifor det hastar så mykje med å få selt Fitjar Kraftlag. No har me vore på fleire møter og fått høyre kor dårleg det står til økonomisk. Det eg stussar på i dette tilfellet, er kvifor dei brukar i fjor, og til dels i år for å beskrive kor dårleg det står til.»

Grunnen til at dei siste åra er brukt til å visa den økonomiske realiteten er at det er dette som er enklast og kommunisera rundt. Det har vore ein vanskelig situasjon så langt tilbake som du ynskjer og gå, men husk at utfordringa ligg framføre oss! Tidspunktet er også knytt opp til AMS- målarane og  digitaliseringa som skjer rundt drifta i nettverksemda samt dei nye regulatoriske krava frå myndigheitene.

Vidare skriv Geir Arne Isdahl: «Faktum er at i fjor og i år har ein av Fitjar Kraftlag sine største kundar som er Lerøy/Sjøtroll Kjærelva vore stengt ned pga at dei skal byggje eit anlegg som brukar omtrent like mykje straum som alle kundane i Fitjar tilsaman. I tillegg er det lagt kablar til Sandvikvåg, der fergene vil verte ein betydeleg forbrukar. Når me legg saman dette med at det er store investeringar og utbyggjingar under planlegging på industriområdet i Årskog, så forstår ikkje eg korleis ein kan svartmale økonomien til kraftlaget så voldsomt.»

Realiteten er at økonomien i kraftlaget ikkje er kopla til kor mykje forbruk det er på Fitjar, men nettleiga vil kunna gå ned med auka forbruk. Men det følger også med kostnader, med meir forbruk. Denne samanblandinga viser at ein ikkje har forstått problemstillinga rundt økonomistyring og drifta av nettverksemda vår.

Vidare skriv Geir Arne Isdahl om subsidiering av nettleiga «Eit såpass auka overføring på linjenettet vil då kunne vere med å subsidiere ei lavare nettleige for kundane, då kraftlaget fortsatt har ei inntektsramme å forhalde seg til.»

Inntekstramma kraftlaget har å forholda seg til må fordelast ut på våre kundar, det vil sei at nokon «subsidierer» andre, eller med styret sitt forslag vil dei på Stord og i Haugesund «subsidiere» nettleiga for alle på Fitjar. Det er det som gjer at det vil bli 5000-6000 kr billigare for kvar husstand på Fitjar. Fram til Fitjar Kraftlag har same tariffen som Haugaland Kraft vil nokon betala meir enn dei treng, om ein vel å stemme nei på torsdag.

Når det gjeld inntekter på nettverksemda skriv Geir Arne Isdahl:

«Poenget mitt er at det er dumt å kvitte seg med linjenettet før me ser kva muligheter det er for auka inntekter framover. Dette føler eg at ikkje har komme fram i det heile tatt i prosessen.»

Framtidige inntekter på nettverksemda er knytt til inntektsramma, og ikkje antall kundar eller stort nytt forbruk som me slo fast tidligare. Dette er altså feil.

Det har vore, og er stadig press på inntektsrammene, til dømes vil ein liten justering av NVE renta som kjem, fjerna omlag 200 000 kr frå våre inntekter, dette går rett på resultatet vårt. Samtidig som me som nettselskap blir vurdert opp mot dei 5 beste nettselskapa kvart år som er grunnlag for 60 % av våre inntekter. Reduserar alle andre nettselskapa kostnadene sine, så vil me får reduserte inntekter, og om me aukar kostnadane våre får me enda mindre inntekter!

- Annonse -

På svar rundt kritikken rundt det nye selskapet og rolla som samfunnsbyggjar vil styret visa til at det nye selskapet skal levera eit positivt driftsresultat med 5 ansatte, som er lika godt som det ein har klart å levera med 18 ansatte fram til i dag. I tillegg har ein ikkje verksemd som krev så mykje pengar til investering i framtida.

Det at styret ikkje vil leggja fram forslag til sal av heile Fitjar Kraftlag, er at me meinar at det er viktig med eit aktivt selskap i Fitjar. Sel ein alt er det eit passivt selskap igjen, og dette alternativet støtter ikkje opp om eit av dei viktige punkta styret har hatt, om at det er viktig å ha ein lokal samfunnsbyggjar. Det kjem sikkert mogelegheiter for å gå over til eit passivt selskap på eit seinare tidspunkt om ein ynskjer det.

Leserinnlegget kjem stadig med påstander som er direkte misvisande.

«Fitjarfolk får ikkje hjelp til det ein treng på kraftlaget lenger, så kvifor skal me då behalde det eg nevner over? Om ein treng hjelp til å få påvist ein kabel, assistanse ved kryssing av kablar, flytting av stolpar og andre ting ein tidlegare har kjørt til Årskog, eller ringt ein av dei ansatte i kraftlaget for å få ordna, må ein i framtida kontakte Haugaland Kraft for å få utført desse tjenestane.»

Sannheita er at det er dei same som skal ha ansvaret for nettet som i dag, og dei same montørane som skal påvisa ein kabel, assistera ved kryssing av kablar, flytting av stolpar osv, osv.

Innlegget forsetter med feilinformasjon, og etter vår meining heng det ikkje saman med resten av innlegget:

«Nei, få heller meir aksjar, opprett eit fond som forvaltar inntektene frå Midtfjellet Vindkraft og Haugaland Kraft. Allereie på sparte lønnsutgifter har ein fleire millionar å dele ut til gode føremål i bygda. Ein sparar seg honorar til eit styre, og ein stor del av avkastinga på aksjar kan gå direkte tilbake til parteigarane.»

Meinar Geir Arne Isdahl at me skal selja heile Fitjar Kraftlag, eller skal me behalda heile verksemda og laga konsern? Det siste avsnittet legg opp til sal av heile selskapet, og overføring av styringa til eit fond. Dersom dette blir gjort kan IKKJE parteigarane få ein stor del av avkastninga som han skriv, dette er direkte feil.

Styret i Fitjar Kraftlag har jobba med dette i mange år, og sett på fleire mogeligheitar for å ta selskapet vidare. Det blir klårare og klårare for styret at dette er det retta å gjera.

Er det rett at Fitjarsamfunnet skal betala 12-14 millionar kroner i nettleiga for at alt skal vera som før, og ingen skal bytta navn på arbeidsjakka?

Er det rett at me om nokre år i eit konsern, med eit reint nettselskap skal gå med eit millionunderskot kvart år i eit selskap som ikkje har montørar med kapasitet til å påvisa kablar, flytta stolpar osv.?

Er det rett at me skal spytta inn ny aksjekapital i nettselskapet frå konsernet Fitjar Kraftlag årleg for å dekkje tapa, og samtidig ikkje ha nokon garanti for låg nettleiga for det har me lagt i handa på enkelt kundar med stort forventa forbruk.

Er det rett at me skal gjera oss avhengig av utbytte frå SKL for å kunna driva med overskot og ha pengar til å leggja straumlinene våre i kabel? Det er dessutan ingen garanti for utbytte i eit aksjeselskap. SKL er no vorte eit dotterselskap av Haugaland Kraft, og utbyttet vil variera med kraftprisen og kva Haugaland Kraft til ei kvar tid bestemmer.

Vår oppfordring er: ver ein ansvarleg eigar og fitjarbu og stem for endringa som styret har lagt fram for årsmøtet på torsdag.

- Annonse -