Arbeidsulukka skjedde under førebuingane til Forskingsdagane på Stord i september. Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

KOMMENTAR: Berre halvanna år etter høgskulefusjonen er Stord i ferd med å miste fotfeste som studentby. Løysinga kan vere å bygge urbane studentbustadar i Leirvik sentrum.

Redaktør i Stord24, Jonas Sætre.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Det er ikkje ei overdriving å hevde at situasjonen for høgskulen vår på Rommetveit er alvorleg. Berre halvtanna år etter at Høgskulen Stord/Haugesund vart til fusjonert inn i HVL, er årets søkjartal trist lesing.

Dei fleste studieretningane opplever ei kraftig nedgang i søkjartala til haustens studieplassar samanlikna med året før. Den tidlegare så populære sjukepleiarutdanninga hadde i år 179 søkjarar, ned frå 206 søkjarar i fjor.

Men spesielt søkjartala for grunnskulelærarutdanninga på Stord bør skape uro. Samtidig som lærarutdanninga nasjonalt i år har fått ei kraftig auke i søkjartala på heile 15 prosent, var det i år nesten 20 prosent færre søkjarar på Stord.

Faktisk, så er det Stord den studiestaden i Norge som i år har færrast søkjarar av alle grunnskulelærarutdanningane i Norge, med berre 0,4 søkjarar per studieplass. Det er færre søkjarar per studieplass enn ved mykje mindre studiestadar som Nesna, Volda og Sogndal.

- Annonse -
- Annonse -

Det er dermed ingenting som tyder på at høgskulefusjonen så langt har gjort noko som helst for å gjere Stord til ein meir attraktiv studiestad. Snarare tvert i mot – når studentane har tilbod om samme studieretning fleire stadar på same høgskule, slik tilfellet er for lærarstudiet og sjukepleiarstudiet, er det meir truleg at studentane søkjer seg til den største byen. Høgskulen Stord/Haugesund hadde ein lokal varemerke som i seg sjølv marknadsførte Stord som studiestad. Dette elementet er no vekke.

Samtidig viser ferske tal at Stord er studiestaden i HVL som har lågast dekning av studentbustadar. Ikkje berre på Vestlandet, men det er ingen av studentskipnadane i Norge som har så låg dekning som ved Campus Stord. Dekninga er berre på 10 prosent, halvparten unna det nasjonale målet om 20 prosent dekning.

Bustadsjef for «Sammen», Birgitte Lilleskog, seier likevel til Stord24 at det ikkje er behov for fleire studentbustadar fordi det ikkje er så mange søkjarar.

Det blir litt som når Skyss reduserer rutetilbodet og grunngir det med at det ikkje er nok folk som tek buss. Eit godt kollektivtilbod med hyppige avgangar er jo nettopp føresetnaden for at folk skal velje å la bilen stå. Likeins, for å få fleire studentar til Stord, må ein først få på plass attraktive studentbustadar som tilfredsstiller krava til moderne studentar.

Mykje tyder nemleg på at dagens studentbustadar på Rommetveit ikkje er attraktive nok i dag. Det handlar nok lite om kvaliteten på utdanninga, men mykje om den usentrale plasseringa, seks kilometer frå byen. Det er rett og slett ikkje attraktivt å vere student vekke frå bylivet i 2018, slik det kanskje var på 1970-talet.

- Annonse -

Dagens studentar er ikkje interessert i å studere ein stad der dei siste bussane på laurdagar går i 16-tida, og det einaste alternativet for å ta seg ein tur ut på byen er å betale taxirekningar på mange hundre kroner. Dagens studentar er ikkje interessert i å studere ein stad der ein må gå 3,5 kilometer kvar gong ein treng å kjøpe noko på nærbutikken.

Det beste grepet HVL kan gjere for å gjere Stord til ein populær studiestad er difor å gjere Stord til ein verkeleg studentby, ved å bygge nye studentbustadar. Ikkje på Rommetveit, men i Leirvik sentrum.

Å bygge nye studentbustadar i sentrum vil sjølvsagt koste, men spørsmålet er om HVL vil ha råd til å la vere. Færre søkjarar til Campus Stord fører til lågare karaktersnitt, og dermed fleire studentar som stryk på eksamen. Det fører igjen til høgskulen mister store inntekter kvart år. Allereie i dag er sjukepleiarutdanninga på Stord blant dei med høgst strykprosent i landet.

Å ikkje ta grep no, og berre sjå på at den negative utviklinga held fram vil på eit tidspunkt utvilsamt føre til ei gradvis nedbygging av Stord som studieby.

Link Arkitektur har nyleg laga ein moglegheitsstudie for Leirvik sentrum. Her vart det peika på at sentrum manglar eit tilbod for unge, og at studietilbod kunne vere med å løfte sentrum for denne befolkningsgruppa. Å få studentbustadar i sentrum vil difor vere svært positivt for byen Stord. Dette er kanskje den befolkningsgruppa som nyttar seg mest av kafear og utestadar. Handelsnæringa og utestadane vil tene stort på å få studentar til å busette seg i sentrum. Men ikkje minst vil studentmiljøet bli mykje meir synleg i bybiletet. Slik som i Sogndal, kan studentane vere pådrivarar for arrangere konsertar og andre kulturarrangement, til glede for heie befolkinga.

Politikarane på Stord har vist lite initiativ til å løfte Stord som studieby. Geir Angeltveit frå Venstre fortener ros for å ha kome med forslag om ein insentivordning i form av ei gåvepakke for å få studentar til å melde flytting til Stord. Men dette i seg sjølv ville nok ikkje ha ført til særleg auke i søkjartala.

Det er eit lokalt politisk ansvar å sikre at Campus Stord har ei attraktiv framtid, og at Stord held på sin del av kaka av dei totale studieplassane i HVL. Ein måte å gjere dette på er for kommunen å ta initiativ til å gå i dialog med HVL for å finne aktuelle tomtar i sentrum der studentbustadar kan bli etablert.

Framtida til studiebyen Stord bør uansett hamne på dagsorden, og bi eit viktig tema i lokalvalkampen som me snart går inn i.

Å berre sitje å sjå på at Stord blir ein stadig meir upopulær stad å studere, og akseptere at Stord samtidig har den lågaste dekninga av studentbustadar i landet, er ikkje anna enn ansvarsfråskriving.

- Annonse -