Bygget på Saghaugen kan bli barneskule. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Formannskapet går inn for å vurdere kjøp av Saghaugen-bygget. Men ikkje alle politikarane er einige i avgjerdsla.

– Me i Senterpartiet synes dette er å grave vår eiga grav. Problemet er ikkje på Leirvik skule – problema er på Langeland skule. For oss er det heilt uaktuelt å bruke nesten 150 millionar på Saghaugen, før ein fiksar Langeland, uttala Silje Vatna på møtet i formannskapet i dag.

Rådmannen har tidlegare lagt fram forslag om å tinge eit forprosjekt for å vurdere kjøp av Stord vidaregåande skule sitt bygg på Saghaugen. Målet er å undersøke om kapasitetsproblema på Leirvik skule kan løysast ved at lokala heller blir nytta til dette.

Framlegget til rådmannen blei i dag stemt fram på møtet, trass i at både Sp, Høgre og FrP var skeptiske til avgjerdsla.

Usemje kring prioritering av skulane

I framlegget er det stipulert ein ombyggingskostnad av Saghaugen på 174 millionar. Tilsvarande vil ei oppgradering av eksisterande bygningsmasse på Leirvik skule koste om lag 72 millionar. Sjølve forprosjektet vil ha ei kostnadsramme på 500 000.

Fleire av partirepresentantane opplever usikkerheit knytt til det nye forprosjektet, og seier at fleire ting må på plass før partia kan ta endeleg stilling til eit eventuelt kjøp. Partia er også uroa for situasjonen på Langeland og Nysæter.

- Annonse -
- Annonse -

– Me ser ikkje at det er mogleg med den økonomien som Stord kommune har i dag. Samtidig vil me i Senterpartiet vere tydeleg på at Langeland skule har førsteprioritet etter Nysæter, seier Vatna.

Også FrP-politikar Linda Grundtvig meiner situasjonen på Leirvik og Langeland må sjåast i samanheng.

– Alvorleg mykje pengar

– Med ein så usikker økonomi blir det vanskeleg å løyve 500 000 til eit forprosjekt. Viss ein skal sjå det i samanheng med Langeland skule, så må me eventuelt flytte på skulegrensene, opplyser Grundtvig.

Hordaland fylkeskommune har førebels tilbydd kommunen å ta over eigedomen på Saghaugen for 51,75 millionar. Dette tilsvarar nærare 28 millionar over marknadsverdi.

- Annonse -

– Dette kjem i tillegg til ein ombyggingskostnad på 174 millionar. Her er det snakk om alvorleg mykje pengar for ein skule som kanskje heller ikkje er eigna etter ombygging, påpeikar Sverre Olav Svarstad (H).

Rådmannen rår også til at han og ordførar får i oppdrag å forhandle fram ein intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune. Ei endeleg avgjerdsle vil bli tatt i kommunestyre.

 

 

 

 

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -