Stord rådhus. Foto: Stord kommune
- Annonse -

– Det er kanskje betre å tenkje nytt og til dømes reise eit fint tilbygg til Rådhuset, spør verneombodet.

Av: Per Lønning

I samband med at Rådhuset på Leirvik skal utbetrast, er det no usemje om korleis bygget sine kontor skal utformast. Øyvind Agdestein, verneombod på Rådhuset, seier usemja går på om ein skal byggje Rådhuset om til kontorlandskap, eller om ein skal halde på såkalla cellekontor.

– Det er ingenting ulovleg når det gjeld kontorlandskap. Det er ein lovleg måte å organisere seg på. Men om det er ynskeleg, er ein annen ting. All forsking peikar på at der det er innført kontorlandskap, der går sjukefråværet opp, seier Agdestein til Stord24.

Spørsmål om pengebruk

Øyvind Agdestein. Foto: Privat

Det er rekna ut at prosjektet samla vil kome til å koste 28,5 millionar kroner. Ifølgje Agdestein er det eit spørsmål om ein skal bruke så mykje pengar på eit bygg designa på byrjinga av 60-talet.

– Bygget er vel for smalt til å få velfungerande kontorlandskap. Ein treng større breidd. Det er kanskje betre å tenkje nytt og til dømes reise eit fint tilbygg til Rådhuset. Det er ikkje så mykje dyrare, seier Agdestein.

- Annonse -
- Annonse -

Han legg til at når ein byrjar å renovere eit gammalt bygg, får ein seg gjerne ei overrasking som kostar pengar.

– Røynsler tilseier at det er ikkje berre å byrje å styre med eit gammalt bygg. Eit døme på eit velfungerande bygg, bygt i det siste, er Kunnskapshuset. Der har ein velfungerande løysingar med cellekontor og felleskontor, legg Agdestein til.

Saka om utbetringa av Rådhuset var oppe under høyringa i driftstyret 24. april i år. Der vart det mellom anna diskutert om bygget skal ha opne kontor eller einskildkontor.

Løysinga som er framlagt inneber at ein totalt får 99 arbeidsplassar på
rådhuset. Det vil seie ein auke på 21 plassar.

Saka vert teken vidare i kommunestyret 9. mai.

- Annonse -

Negative til gruppekontor

I saksdokumenta frå driftstyremøtet i slutten av april kjem det fram at høyringsfråsegnene frå Fagforbundet, Fellesorganisasjonen (FO) og plassverneombodet er eintydig negative til gruppekontor.

Nokre av grunnane til at dei er negative er at løysinga vil medføre liten plass til skåp og lagring, at ein vil uroe kvarandre og sjenere telefonsamtalande, og at gruppekontor ikkje heng saman med krav til konfidensialitet.

«Med bakgrunn i auka krav til arealeffektivitet, økonomi, produktivitet, innovasjon og samhandling legg rådmannen i denne saka til grunn ei utviding av gruppekontorløysinga, og meiner alt i alt at dette er ei god og framtidsretta løysing.», står det i saksdokumenta frå driftstyret.

Branntryggleik og inneklima

I februar i fjor vedtok kommunestyret på Stord å gje rådmannen fullmakt til å gjennomføre utbetrande tiltak på Stord rådhus innanfor ei kostnadsramme på 11,5 millionar kroner. Desse midlane er så vidareførte til 2019.

Det er tenkt at brannsikring, slusing, utbygging av ventilasjon, rehabilitering og arealeffektivisering av rådhuset skal inngå i summen på 28,5 millionar. Kommunestyret vil fullfinansiera prosjektet i samband med budsjettet for 2020.

Branntryggleiken på Rådhuset er mangelfull, både når det gjeld branncelleinndeling og varsling ved brann. Det er også manglar ved ventilasjonen i delar av bygget. Eit mål med prosjektet er å betre innemiljøet på bygget.

«Ei alternativ tilråding vil vere å prosjektera ei minimumløysing som lukkar avvik etter branntilsyn og tryggar eit forsvarleg innemiljø. Ei slik løysing vert grovt kalkulert til 18 mill. kr. Denne løysinga vil likevel ikkje gje arealeffektivisering og innsparingar på ekstern husleige.», står det i saksdokumenta frå driftstyremøtet.

«Dei direkte økonomiske konsekvensane av eit slikt prosjekt vil langt på veg bli dei same, og rådmannen meiner at ein ved å samla flest mogeleg funksjonar på rådhuset vil leggja betre til rette for ein effektiv organisasjon.»

- Annonse -