Foto: Amanda Tonna
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Krisesenteret på Stord får rundt 23 000 kroner å nytta på velferdstiltak til kriseråka barn og kvinner, takka vere over 150 yogadeltakarar i helga.

– Det er heilt fantastisk at så mange deltok på arrangementet, det er heilt overveldande, seier Britt Helen Aasbø, som er dagleg leiar i Krisesenter Vest IKS.

Det var over 150 personar som stilte på yoga-arrangementet på lørdag, fordelt over seks yogatimar. Mange deltok på fleire timar, for det var 220 registrerte deltakarar på alle yogatimane, opplyser arrangørane.

Yogainstruktør Brenda Mata var ein av seks instruktørar frå Stord som deltok. Foto: Amanda Tonna

Over all forventning

Aasbø, som sjølv tok turen innom arrangementet på Heiane trening & helse for å dele ut infomateriell, hadde ikkje venta ein slik respons.

– Det var heilt over all forventning. Det er fantastisk å sjå at folk stiller på slike arrangement.

- Annonse -
- Annonse -

– Kva skal de bruka pengane på?

- Annonse -

– Me vil bruka dette på velferdstiltak for kvinnene og barna som bur hos oss. Det kan gå til å gi dei opplevingar, som kino, bowling eller å dra på lekeland i Haugesund. Eg tenkjer at opplevingar, det er noko dei verkeleg treng i den situasjonen dei er i, seier Aasbø.

Sparkar ballen til Haugesund

Krisesenter Vest IKS driv krisesentre både på Stord og i Haugesund. Aasbø vonar det dukker opp eit liknande initiativ i Haugesund.

– Det hadde vore strålande å få til eit liknande initiativ i Haugesund. Så den utfordringa må berre gå vidare til andre lag og organisasjonar som har lyst å gjere noko for ei god sak.

Det vart trangt i lokala på Heiane trening & helse, med over 150 påmelde. Her er yogainstruktør Anita Myhre i aksjon. Foto: Amanda Tonna
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -