Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Elevar frå ungdomstrinnet på Rimbareid skule streika i dag for klimaet.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Rundt 70 elevar hadde møtt opp føre rådhuset på Fitjar i dag for å streika for klimaet. Fitjar ungdomsråd og elevrådet hadde slått seg saman for anledninga, og arrangerte streiken i lag.

Tydeleg bodskap på plakatane. Foto: Ingrid Hovstad

Ei jenta har engasjert fleire hundretusen

Elevane har latt seg inspirera av svenske Greta Thunberg. Den 15 år gamle jenta streika frå 20.august til Riksdagsvalet 9.september. I staden for å gå på skulen, nytta ho tida til å sitta utanfor Riksdagen med plakaten sin. Etter valet har ho fortsatt streiken, men berre på fredagar.

Greta Thunberg satt aleine utanfor Riksdagen først, men fort slutta andre elevar seg til «skulestreik for klimaet». No har ho inspirert fleire hundre tusen elevar, i over 123 land, til å streika med seg.

«It’s getting hot in here.» Foto: Ingrid Hovstad

Sterk appell

Leiar i ungdomsrådet på Fitjar, Oda Volden de Fine, haldt ein flott appell.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me er samla her i dag for me må våga. Våga å finna dei kompliserte løysingane. Våga å leita etter dei vanskelege svara. Våga å seia i frå. Stopp. Nok er nok. Me kan ikkje fortsetja som dei før oss. Enkle løysingar er ikkje svaret på alt. Me må velja det som er lønsamt for planeten, over det som er lønsamt for lommeboka!

Med ny glød frå appellen for dei streikande ut i sentrum med plakatane sine, og tilhøyrande rop.

– Stor respekt til Rimbareid skule og foreldra, som lot elevane få gyldig fråvær for streikinga, sa ungdomsrådskoordinator Bente Bjelland. Ho fortel vidare at ho er skuffa over at Fitjarbuen ikkje tok turen til sentrum for å lytta til dei engasjerte elevane.

Toget gjekk fleire rundar i sentrum. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -