Stord24 møtte eit utval med godt kledde stordabuarar i Leirvik. Foto: Guadalupe Piñon
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Korleis kler eigentleg stordabuen seg? Stord24 stoppa eit utval ein laurdag i Leirvik sentrum. 

 

Foto: Guadalupe Piñon

Laura Johnsen

– Du var ganske stilig i dag! Kan du fortelje meg om stilen din?

– Tja… kva skal eg seie? Marineblå er favorittfargen min.
– Likar du å bruke skjerf?
– Ja det gjer eg, når det passar.

 

Foto: Guadalupe Piñon

Harald Brufladt

– Du var ganske fin i tøyet. Går du alltid sånn?

– Jau, eg har kledd meg sånn heile livet, det er dette som er min stil.

- Annonse -
- Annonse -

– Til og med til kvardags?

– Jau, absolutt.

– Hatten din var ganske fin.

– Takk for det!

 

Oda Rydland og Kaia Rydland, Foto: Guadalupe Piñon

Oda Rydland og Kaia Rydland

– De var kjempefine!

– Takk for det!

– Kan de fortelje litt om stilen dykkar?

– Vi har high waist jeans, litt stretch.

– Ganske moteriktig med de kvite joggeskoene dykkar, frys de ikkje?

– Nei da!

– Kva kan de seie om sminken dykkar? 

– Den er ganske nøytral, litt nedtona.

- Annonse -

– Men du, Oda, du har ganske fin farge på leppene. Er det litt brun og litt rød? 

– Skal me sjå… Fargen heiter allfall whirl.

 

Foto: Guadalupe Piñon

Anne Kathrine Solberg (35)

– Kan eg ta bilete av deg? Du er så fin i tøyet.

– Meiner du meg?

– Ja! Det er for Stord24 sin spalte om mote.

– Åh! Ja vel.

– Kva har du på deg?

– Det er berre ein mørk jakke, skinny jeans og mørkeblå boots.

– Du ser flott ut!

– Takk for det!
Foto: Guadalupe Piñon

 Mahmoudi Dadver (46)

– Kan eg ta bilde av deg? Du er så fin i tøyet.

– Ok, det er greit

-Likar du å kle deg litt ekstra pent?

-Ja, det gjer eg. Det skal ikkje sjå så anstrengt ut, men litt innsats må ein gjera. Du veit, eg er ikkje tilhengjer av sånn sportsklær.

-Du var fin i dag, iallfall. 

-Takk for det!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -