Matkroken på Bytunet var heilt mørktklart på torsdag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Fleire sentrumskvartal var utan straum torsdag ettermiddag.

Utanfor butikksenteret Bytunet sto det folk utanfor som ikkje kom seg inn fordi dei elektriske dørene ikkje fungerte då Stord24 var på staden.

På innsida var er heile senteret mørklagt.

– Dette kan få store konsekvensar for varene dersom dette held fram i fleire timar, seier innehavaren av Matkroken.

Straumen gjekk også i Meierikvarteret og i Kulturhuset. Det gjekk ikkje lange tida før straumen var tilbake.

– Det er tilbake igjen no. Det var vekke i 20 minuttar. Der var ein brytar som hadd falle ut av ein eller anan grunn, som me ikkje var klar over. Det medførte at det blei straumbrot, fortel Trond Kristiansen i driftssentralen i Haugaland Kraft.

- Annonse -